Hopp til innhold

Sang berre i dusjen - no får han publikum på fleire hundretusen

3500 har blitt til 10. Jørn Trollebø Kvalheim har problem med å setje ord på kjenslene som følgjer med ein plass i finalen i Idol.

Jørn Trollebø Kvalheim Deltaker

IMPONERER: Jørn Trollebø Kvalheim har imponert både dommarar og publikum som har stemt han fram. No er han klar for finalerunden i Idol.

Foto: Espen Solli / TV2

– Det er heilt ... Det er, det er, det er surrealistisk og uverkeleg at det har skjedd.

Eg prøver å formidle kjenslene i musikken. Eg prøver å vekke ei kjensle hjå folk.

Jørn Trollebø Kvalheim

Trollebø Kvalheim hadde ikkje forventa å kome til finalen. På første audition tenkte han berre at dette ville bli med nokre gode, konstruktive tilbakemeldingar han kunne reise heim og jobbe med. Men slik vart det ikkje.

– Sidan den gongen har det vore uverkeleg. Eg har tenkt at eg ikkje skulle pakke ut tinga mine, for eg måtte sikkert pakke ned att uansett, ler han.

Ikkje lenge sidan han tok steget ut av dusjen

Jørn Trollebø Kvalheim kjem frå Måløy, men bur og studerer musikk i Volda. At det skulle bli musikken har ikkje alltid vore like sikkert.

– Eg har sunge heile livet, men for det meste i dusjen.

Men då han var 17 starta han og nokre kompisar eit band. Han spelte trommer, men ingen ville synge i bandet.

– Då tenkte eg at eg fekk prøve det, men eg fekk det ikkje til samstundes som eg skulle spele trommer. Då måtte eg lære meg gitar.

Ikkje lenge etter, i eit nytt band, song Måløyværingen for første gong føre folk.

– Sidan den gong har eg prøvd å ta alle moglegheiter som har bydd seg for å få lov til å synge framføre folk.

Musikken er gi og ta

Jørn Trollebø Kvalheim Semifinalist
Foto: Espen Solli / TV2

– Kvifor har du det? Kva er det du vil?

– Det blir ein måte å få eit utløp for kjensler som ein treng å få utløp for. Å gjere det føre folk betyr noko, for då får eg delt det med dei.

Men han vil ikkje berre få. Han vil gi noko tilbake.

– Eg håpar eg kan klare å la folk som høyrer på sleppe unna mas og kjas i kvardagen, og få komme inn i det eg gjer på. Kanskje ta seg ei lita pause, og kanskje kjenne meir på det dei kjenner på til vanleg.

– Du får utløp for dine kjensler, og vil at andre skal få utløp for sine, gjennom din musikk?

– Ja.

– Skal gjere mitt beste

Folk vil tydelegvis ha det han kan gi. Neste fredag ventar første finalerunde i Idol.

– Eg er utruleg takksam. Dommarane ville ha meg til 40. Og etter det har folk stemt. Det vil seie at eg har nådd ut til folk med det eg har gjort, og det følast heilt utruleg godt. Eg er heilt ubeskriveleg takksam. Eg skjønnar det ikkje.

– Du seier nådd ut: Kva er det du har nådd ut med?

– Eg prøver å formidle kjenslene i musikken. Prøver å vekke ei kjensle hjå folk.

Så er spørsmålet om han greier å vekke nok kjensler hjå folk til å gå heile vegen til topps i Idol. Her får han igjen litt problem med å ordlegge seg.

– Hehe, altså, eg håpar å kome så langt som mogleg. Sjølvsagt. Eg er takksam for at eg har kome så langt som eg har gjort. Eg forventar ingenting, men skal gjere mitt aller, aller beste, og håpar sjølvsagt at folk vil stemme på meg.

Elles er han svært glad for støtta og merksemda.

– Det har vore overveldande og rørande. Eg tek med meg både dei positive tilbakemeldingane og dei som tipsar meg om ting eg må jobbe med. Tusen takk, skulle ønske eg kunne gje alle ein klem, seier Trollebø Kvalheim.