Hopp til innhold

Frå by til bygd

Karsten Karlsen Sunde er frå Jessheim i Akershus. Han og kona Linda bytta ut ei lita leilegheit i Oslo med ein stor gard på Sande i Gaular.

Created by InfoDispatcher

FAMILIEFAR PÅ EKSOTISK GARD: Karsten Karlsen Sunde saman med to av tre ungar. Alde (9 mnd) og Emirk (4) (Foto/redigering: Elias Engevik)

– Vi begynte å forstå at vi ville ut av Oslo, vi ville flytte nærare naturen og ha fleire moglegheiter, fortel Karsten.

Frå ei lita leilegheit i ein stor by, til ein stor gard i ei lita bygd. Karsten og kona Linda Karlsen Sunde hadde begge spanande jobbar i Oslo, men trengde meir plass på ein meir «eksotisk» stad.

Linda har familietilknytting i fylket, og Karsten hadde ein draum om å bu på ein gard. Gjennom Gaular kommune sitt tilflyttings-prosjekt fekk Sunde og kona tilbodet om å kjøpe den 220 mål store garden på Sande

Brikkene falt på plass

– Etter ein god del fram og tilbake fekk vi moglegheita til å kjøpe dette småbruket, og da slo vi til, smiler Karsten.

Karsten er utdanna jurist og fekk jobb i lotteritilsynet i Førde, det var ingen stillingsannonsar ute då han såg etter jobb, men Karsten meiner det er viktig å vere sjølvstendig når ein skal finne arbeid på ein ny plass.

Bonde frå byen

BONDE FRÅ BY'N: Karsten Karlsen Sunde steller med sauene han no har ansvar for.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Framtidsfylket gjer ein god jobb med å marknadsføre stillingar i fylket, men ofte gjelder det å ta initiativ sjølv, noko eg måtte gjere i denne situasjonen, fortel Karsten.

Ei viktig rolle

Karsten var heldig å fann ein spanande jobb, men det å finne arbeid kan vere ei utfordring for tilfyttarar. Dagleg leiiar i Framtidsfylket, Gro Rukan fortel om ei suksessfull ordning som har ført til at fleire buset seg fast i fylket.

– Ein rapport frå distrikstssenteret viser at 70 prosent av traineeane blir verande, det er eit hyggeleg tal å ha med seg, seier Gro Rukan.

Gro Rukan

GODE TAL: Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan er glad for at folk flyttar til Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

I kampen om å få tilflyttarar til Sogn og Fjordane spelar Framtidsfylket ei viktig rolle. Dei lyser ut stillingar og tilbyr ei trainee-ordning i bedrifter i heile fylket, der målet er å få folk til å starte ei karriere her, og at dei blir verande. Nøkkelen er trivsel og utfordringar.

– Vi ser at når folk først trivast og er innanfor, og får dei utfordringane ein nyutdanna vil ha, då skal det mykje til for at folk flyttar igjen!

Framtidsfylket er opptatt av at vi må vise fram fylket til resten av landet.

Første bod er å vere ute og flagge høgt for å vise at her er moglegheitene mange

Gro Rukan / Framtidsfylket

–Det er ingen som velger oss viss dei ikkje veit at vi kan bli valgt. Det er mange på andre sida av fjellet som ikkje veit kva Sogn og Fjordane har å by på, konstanterer Gro Rukan.