Hopp til innhold

Fotpleiar ikkje godt nok for opphald

ASKVOLL (NRK): 12. desember må Anna Proskurnina ut av landet fordi yrket hennar ikkje har ei fagutdanning, trass i at ho har vore i jobb i over to år.

I FULL JOBB

MÅ UT: I dag jobbar Proskurnina 80 prosent i frisørsalongen Storm i Askvoll.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

I april 2013 kom Anna Proskurnina til Noreg for å bu saman med sin russiske ektemann. For eit år sidan vart ho separert frå ektemannen, og søkte om å få opphaldsløyve for faglærte. Det fekk ho ikkje.

ANNA PROSKURNINA

BEHOV: Lokalsamfunnet her i Askvoll treng folk som Anna, seier Nina Rivedal, som har oppretta ei Facebook-gruppe for å kjempe for opphaldsløyve for Proskurnina.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Proskurnina jobbar i dag i ein 80 prosent stilling som manikyrist og fotpleiar på frisørsalongen Storm i Askvoll. Der har den russiske kvinna jobba i over to år.

Sist veke fekk Proskurnina eit brev frå UDI om at ho ikkje lenger har opphaldsløyve i Noreg. 12. desember må ho ut av landet, om ikkje UDI ombestemmer seg.

Yrke utan fagutdanning

Lova seier at arbeidstakarar som minst er fagutdanna tilsvarande vidaregåande skule, har fagbrev eller utdanning frå høgskule eller universitet har rett til opphaldsløyve.

Det er også krav om at kompetansen må vere relevant for stillinga.

Proskurnina har økonomisk utdanning frå russisk college (tilsvarande norsk vidaregåande skule), og ho har gått ulike kurs i manikyr, pedikyr og fotpleie.

Hennar økonomiske utdanning er godkjend i Noreg, medan kursa i manikyr og forpleie ikkje er godkjende som fagutdanning i Norge.

Tar saka opp i Stortinget

Fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang, har vore engasjert i saka. Via partikollega på Stortinget André Skjelstad, har ho no sendt inn eit skriftleg spørsmål til statsråd Anders Anundsen (Frp).

Stang spør om regelverket i denne saka har verte brukt på riktig måte, og kvifor regelverket ikkje tillèt jobbar som er utan fagutdanning. Ho fortel at Venstre tek opp saka på eit prinsipielt grunnlag.

VIL AT HO SKAL BLI

F.v. Anna Proskurnina, Turid Mattevik, Gunnhild Berge Stang og Nina Rivedal.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Hovudintensjonen med lova i dag er at personar som kan klare seg sjølv og som klarar å halde på ein jobb, skal få opphald. Proskurnina har eit yrke utan mogelegheit for å få fagbrev, men eg meiner likevel at ho oppfyller hovudintensjonen i lovteksten, seier Stang.

Stang stiller også spørsmål ved at lova viser ein ovanfrå og ned-haldning til yrker der ein ikkje finn noko tilbod om fagutdanning.

God nok for arbeidsgjevar

– Anna ordnar hendene og føtene for mange her i bygda, både i salongen og på aldersheimen. Då mine to tilsette gjekk ut i barselpermisjon no i oktober, vart eg ståande her heilt åleine. Det betyr mykje for meg å ha ho her, seier eigar av frisørsalongen Turid Mattevik.

TURID MATTEVIK

Ho vert ståande åleine i salongen om Anna må dra.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Mattevik vart veldig provosert då Proskurnina for ei veke sidan fekk brev frå UDI om at ho ikkje lenger har opphaldsløyve.

– Lova seier at ho ikkje har god nok utdanning til å jobbe her i Noreg. Eg har bruk for ho, og hennar kvalifikasjonar er gode nok for meg, seier ho.

– Dette går også utover salongen. Eg har investert i utstyr som eg ikkje får brukt utan ho, seier Mattevik.

FACEBOOK-AKSJON

– Eg vonar at alle i bygda er med å støttar Anna, seier Rivedal.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Oppretta Facebook-gruppe

– Anna greier seg sjølv økonomisk og betalar skatt til Askvoll kommune. Ho er ein positiv ressurs for lokalsamfunnet i kommunen, som også arbeider aktivt for å auke innbyggjartalet, seier Nina Rivedal, som har oppretta ei Facebook-gruppe for å kjempe for opphaldsløyve for Proskurnina.

Rivedal meiner at regelverket bør endrast. Ho vil få opp saka politisk, og vil aller helst at kvar enkelt sak av denne typen skal vurderast individuelt.

– Lokalsamfunnet her i Askvoll treng folk som Anna, seier Rivedal.

Det er i dag 649 personar som likar Facebook-gruppa «Vi som vil at Anna Proskurnina skal få bli i Askvoll».

UDI har blitt spurt om å uttale seg i saka, men kan ikkje kommentere enkeltsaker grunna teieplikt.