Hopp til innhold

Fotballkrangel starta slagsmål

Om det var Manchester United, Liverpool eller Sogndal dei krangla om skal vere usagt. Men mennene i 20-åra tok i alle fall nevane fatt.

Politibil i Førde.

ILLUSTRASJON: Både i Førde, Flora og Vågsøy måtte politiet ta hand om rusa og kranglevorne menn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er ei kjent sak at fotball kan setje sterke kjensler i sving. Det kom tydeleg til syne i Florø natt til søndag.

For i 03-tida fekk politiet melding om slåsting utanfor ein utestad. Krangel om fotball starta det heile.

– Dei hadde vel diskutert fotball og ikkje blitt samde om kva lag som var best, seier operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vart vist bort

Dermed tok mennene nevane fatt. Ingen personar vart skadde i episoden, men den eine fekk grei beskjed om å gå frå staden. Om dei då var samde om kva lag dei skulle heie på, er ukjent.

– Ingen av dei fekk synlege skader, og saka blir ikkje meld, seier operasjonsleiaren og vedgår at fotball ikkje er den vanlegaste årsaka til slåstkampar.

For dei var det fleire av i Sogn og Fjordane natt til laurdag.

Slått ned og skadd

I halv totida vart ein mann i 30-åra sendt til Førde sentralsjukehus etter at han vart slått ned. Også det skjedde i Florø.

Då patruljen kom fram til staden viste det seg at fleire personar i 20-30-åra var blanda inn. Det er uvisst kor skadd mannen er.

– Litt rus og uklare forklaringa gjer at det er førebels er uklart kor mange som var blanda inn. Fornærma er framleis på sjukehuset og vil bli avhøyrd. Saka blir følgd opp av Flora politistasjon, opplyser operasjonsleiaren.

Kjende på bildører

Ein times tid seinare rykte politiet i Førde for å ta hand om ein rusa kar i 20-åra som laga uro på ein utestad.

Vedkommande vart meld og plassert i drukkenskapsarresten, der han må sitje til han blir edru.

Berre få minuttar etter fotballkrangelen, fekk politiet i Florø ny melding om ein godt rusa mann. Vedkommande, som er i 20-åra, blir meld for uro på offentleg stad etter at han kjende på bildører i Kinnvegen. Patruljen køyrde mannen til bustad.

Rusa og hissig

Like før klokka 04 køyrde politiet i Vågsøy ein mann i 30-åra til arresten etter fleire klagar på oppførselen hans.

Mannen skal ha vore provoserande hissig og nekta å følgje pålegg frå ordensmakta. Dette blir mannen no meld for, samt for å ha hindra offentleg tenestemann.