Hopp til innhold

Kvalheim Kraft kan ha betalt leige til feil grunneigarar for vindmøllene på Mehuken

Det er forvirring kring kven som eig grunnen til vindkraftanlegget på Mehuken i Vågsøy.

Olav Rommetveit og jordskifteprotokollen

OVERRASKA: Direktør Olav Rommetveit i Kvalheim Kraft kan ha leigd areal av feil grunneigarar. Til høgre jordskifteprotokollen frå 1880 til 1882.

Foto: Kjetil Malkenes Hovland og Asgeir Reksnes / NRK

Dei 13 vindturbinane har kosta minst 275 millionar kroner. No må Nordfjord jordskifterett klargjere kven som faktisk eig området.

Direktør Olav Rommetveit i Kvalheim Kraft kan ha leigd arealet av feil folk i Kvalheimsbygda.

– Vi har lite juridisk kompetanse på dette. Vi fylgjer jordskiftesaka med interesse, sjølvsagt, og vi ventar på at dommen skal kome, seier Rommetveit.

Gedigen brølar?

Kvalheim Kraft sitt vindturbinanlegg på Mehuken i Vågsøy er det einaste vindkraftanlegget som er bygt i Sogn og Fjordane.

Selskapet har laga avtalar om kompensasjon med personane dei trudde eigde området anlegget står på.

Men no har mistanken breidd seg i bygdesamfunna Kvalheim og Kråkenes om at det kan ha blitt gjort ein gedigen brølar. Gamle jordskifteprotokollar frå 1880-talet kan tyde på at det er andre grunneigarar enn tidlegare trudd som eig området.

Rommetveit vil ikkje spekulere i følgjene av ei rettsavgjerd.

– Vi kjem berre til å ta dommen til etterretning, og så får vi sjå kva konsekvensar det medfører. Vi vil sjølvsagt ha ein open dialog med grunneigarane heile vegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kråkenes med vindmøller

KVEN EIG GRUNNEN? Det har oppstått tvil om kven som eig området der vindmøllene vart bygde i 2001.

Foto: Stig Silden

Vil ikkje oppgje sum

NRK har snakka med advokatar og grunneigarar som ikkje vil kommentere saka før den skal opp i Nordfjord jordskifterett seinare i år.

Mehuken vindpark opna i 2001, og dei to utbyggingane har samla kosta minst 270 millionar kroner.

Grunneigarane skal ha kompensasjon for arealet sitt, men Rommetveit vil ikkje kommentere kva summar som kan vere hamna i feil hender.

– Det har eg ikkje lyst til å kommentere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå jordskifteprotokoll

FINN DEI SVARET HER? Dette er ei side av jordskifteprotokollen frå 1880 til 1882.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Seks av 13 møller

NRK har studert jordskiftedokumenta som så langt er offentlege.

Både kommunen, utbyggarar og grunneigarar har trudd at det er gardane på Myre og Ytre Kvalheim som eig området vindparken står på.

Men grunnlagskarta kan ha vore feil. For i jordskifteprotokollane frå 1880-talet står det at gardane på Indre Kvalheim har området på Mehuken som fjellbeite.

Meiner jordskifteretten at gardane på Indre Kvalheim med dette eig området, betyr det at seks av 13 vindmøller står på andre gardar enn det ein tidlegare har gått ut frå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvalheim i Vågsøy

- IKKJE NABOKRANGEL: I bygda Kvalheim er det tvil om kven som eig grunnen møllene står på, men det blir presisert at det ikkje er nokon nabokrangel.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Aldri oppfatta tvil

Rommetveit er overraska over at saka kjem opp no, 12 år etter at dei første turbinane starta å snurre.

– Vi har aldri fått høyre at det har vore nokon tvil. Vi har hatt opne høyringsmøte. Dette strekkjer seg langt tilbake i tid, og vi har aldri oppfatta at det har vore tvil. Men vi ser no at det er ulike oppfatningar om dette i lokalsamfunnet.

Men uvissa rundt eigedomsretten stoppar ikkje der. Også Fylkesmannen kan ha teke feil.

Eit anna område på fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes er regulert til naturreservat.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vindmøller på Mehuken.

PÅ ANNAN MANNS GRUNN? Desse vindmøllene kom i drift i 2001.

Foto: Roald Levi Halsør

Fylkesmannen kan og ha gjort feil

Også der kan Fylkesmannen ha gjort same tabben som vindkraftselskapa og gjort avtale med feil grunneigarar.

Johannes Anonby, som er rådgjevar hjå Fylkesmannen, stadfestar at også dei berre heldt seg til kart og ikkje las jordskifteprotokollane, sjølv om dei hadde dei for handa.

– Eg trur ikkje Fylkesmannen skal gå inn og lese jordskifteprotokollar og tolke kart og så vidare, for det er det ikkje vi som er kompetent myndigheit til. Når ting er usikre må vi overlate det til dei styresmaktene som har med det å gjere.

NRK har snakka med grunneigarar og andre som understrekar at uvissa kring grenser ikkje må sjåast på som ein nabokrangel. Grunneigarane på Indre Kvalheim har bede om ei rettsutgreiing for å klargjere eigedomstilhøva.

Også Rommetveit i Kvalheim Kraft seier at sjølv om det skulle vise seg å vere gjort feil, har det blitt handla i god tru.

– Dette er eit lite lokalsamfunn, og det er veldig viktig å bevare roen og den gode naboskapen. Det viktigaste er å få klarheit i saka.

NRK.no har ikkje klart å finne ut kor store leigeinntekter det er snakk om.