Hopp til innhold

Fortvilar over utsett gangveg

Bebuarane på Sunde i Førde fortvilar over at gang- og sykkelvegen mellom Farsund og Sunde vert utsett.

Brua på Farsund i Førde kommune

Brua på Farsund

Foto: Ottar Starheim / NRK

LES ÒG: Truar med aksjon  

Uro og sinne har prega bebuarane på Sunde på E39 ved Førde, etter at dei i haust fekk vite at gang- og sykkelvegen vert utsett.

Lit på politikarane

- Vi ønskjer ein gang- og sykkelveg for å trygge dei mjuke trafikantane. Dei som har gått over brua med barnevogn skjønar kva eg snakkar om. Det går nesten på livet laust, seier styreleiar i Farsund Vel, Torfinn Roti.

Sidan det i statsbudsjettet ikkje kom ei krone til bru over vatnet, håpar bebuarane at kommunen no tek ansvar.

- Då vi etablerte oss her i 2003 vart vi lova ferdig gang- og sykkelveg. Førde tomteselskap, eit aksjeselskap som er heileigd av Førde kommune, var inne med forskotteringsmidlar. Men sidan planane ikkje låg inne i den Nasjonale Transportplanen, sa Vegvesenet nei til utbygginga. No er vegen i transportplanen, og vi håpar sjølvsagt at politikarane i kommunen står for det dei har sagt tidlegare, seier Roti.

Redde for strekninga

Strekninga kom inn i Nasjonal Transportplan for perioden 2006 til 2009. Trass i dei fastsette planane, vart det altså ikkje sett av ei krone til ny veg i statsbudsjettet i haust.

Sterk bustadutvikling i området gjer at dei som bur der, både vaksne og born, er redde kvar gong dei går eller syklar på den smale strekninga. Det er planlagt eit nytt bustadfelt i området med nærare 100 bustader.

- Trafikken aukar, og vi kvir oss på å sende borna våre over brua. Borna vil gjerne besøke kompisar på den eine eller den andre sida av brua. Sjølv om vi vaksen seier nei, kan jo borna ta turen likevel . Vi kjenner oss ikkje trygge, seier Roti.

Møtte kommunen

Dei har nett vore i møte med Førde kommune, og sender no eit brev til ordføraren. Magefølelsen er litt dårleg før saka skal opp i formannskapet, truleg før jul. Bebuarane krev at kommunen forskotterer utbygginga, og får att pengar frå Staten seinare. Gjer dei det, kan arbeidet starte til neste år, og gang- og sykkelvegen kan då vere ferdig våren 2009.

- Vi reknar med at politikarane står for det dei har lova før, så vi er førebels positive, seier Roti.