Her var det planen å ta livet av keisaren for hundre år sidan

«Skota i Sarajevo» kunne like godt ha vore «skota i Fjærland».

Keisar Wilhelm II og sentrum i Fjærland

STADEN FOR DRAMA: Organisasjonen 'Sorte hanske' hadde planar om å myrde Keisar Wilhelm i Fjærland. Omstenda ville det slik at så ikkje skjedde.

Foto: Montasje

Forfattar Svein Skotheim kjem med opplysningane i si nye bok om Keisar Wilhelm. I fleire år har han tråla Norge på kryss og tvers for å snakke med folk som har informasjon om keisar Wilhelm II og hans opphald i Norge på byrjinga av 1900-talet.

Han har hatt kunnig historiehjelp i arbeidet med boka si.

– Historikar Hans Olaf Brevig skreiv om denne saka i Bergens Tidende på 1990-talet. No i seinare tid har han funne meir historisk dokumentasjon som styrkjer hypotesa hans, nemleg at dette var eit attentat frå ein serbisk terroristorganisasjon, dei same som stod bak skota i Sarajevo, fortel Skotheim.

Brevig har gjennom forskinga si kasta lys over fleire episodar under Wilhelm sine reiser i Norge.

Har funne meir dokumentasjon

– Det som er nytt no, er at det er meir dokumentasjon på at det er ein samanheng, og at det var eit attentatforsøk på gang i Fjærland i 1911.

– Det var ei stor internasjonal krise som vart kalla Marokkokrisa, som hende på nøyaktig dette tidspunktet, i juni-juli 1911. Keisar Wilhelm var i Molde, samtidig skulle ein engelsk flåte på besøk same stad. Dei kunne ha treft kvarandre i Molde hamn, fortel Skotheim.

Keisar Wilhelm var både tysk og engelsk admiral, sidan han var barnebarnet til dronning Victoria. Dermed kunne han styre også den engelske flåten som han ville.

Keisar Wilhelm II
Foto: Th. Jürgensen / © Fylkesarkivet

Første verdskrig kunne starta

Det vart avverja. Keisaren drog i staden frå Molde til Fjærland, men den krisa er framleis ikkje avverja. Blant anna er Winston Churchill er inne i biletet.

– Churchill byrjar sitt bokverk om første verdskrig med Marokkokrisa, med andre ord kunne første verdskrig ha byrja i 1911. Hadde keisar Wilhelm vorte skoten i Fjærland i 1911, så hadde det definitivt vore starten på første verdskrig. Det ville utløyst ei enorm katastrofe, seier Skotheim.

Keisaren skulle vere i Fjærland 9. - 10. august 1911. Like før han kom, fekk tysk etterretningspoliti og konsul Mo nyss om dette, og Wilhelm vart omdirigert.

Gravlagde i umerkt grav

– Han drog ikkje til Fjærland, sjølv om tusenvis venta på han der. Like etter vart tre menneske skotne og drepne på Olsens hotell på Leikanger. Desse er ein nokså sikker på var serbiske terroristar, ei kvinne og mann, og sonen til kvinna. Dei har då reist tilbake til Leikanger, etter at dei fann ut at keisaren likevel ikkje kom til Fjærland, fortel Skotheim.

Drapa på dei tre attentatpersonane vart kamuflert som drap og sjølvdrap, og dei tre vart gravlagde i ei umerkt grav ved Leikanger kyrkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mundal Hotel i Fjærland

I DAG: Slik ser sentrum i Fjærland ut i dag, med ærverdige Mundal Hotel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fjærland kunne vore Sarajevo

– Hadde ikkje attentatet vorte avverja, hadde heile verda snakka om skota i Fjærland, slik som ein i dag har omgrepet «skota i Sarajevo». Det er skrive over 10 000 bøker om skuldspørsmål og starten på første verdskrig. Skota i Sarajevo er sikkert nemnt millionar av gonger, seier Skotheim.

Han legg til at det ville vore ein smal sak å ta keisaren av dage, då han vandra overalt utan noko form for tryggleiksvakter.

– Hadde dette skjedd, hadde verdas mektigaste mann vorte skoten og drepen. Det ville utløyst ting umiddelbart.

Sterke indisier

Han presiserer at historikar Brevig kallar det ein hypotese, sjølv om indisia er sterke.

– Vi veit at attentatpersonane tok inn på Olsens hotell på Leikanger to dagar før keisaren skulle til Fjærland. Dei drog til Fjærland dagen før keisaren skulle komme der. Dei var væpna, og hadde forskjellige kodemeldingar på seg. Det var tydeleg at dei skulle til Fjærland, væpna, same dag som keisaren skulle vere der, fortel Skotheim.

Han legg til at Brevig manglar det direkte beviset som koplar desse til direkte til organisasjonen «Dødens forbund» eller «Den sorte hanske».

– Men vi veit at dei var godt kjende med obersten som stod bak og trente Princip, han som skaut og drap den austerrikske tronfølgjaren i Sarajevo. Vi manglar den rykande pistolen, og difor kallar vi det ein hypotese som er nokså sannsynleggjort, seier Skotheim.

Skulle eigentleg skrive om klima

Han fortel vidare at konsul Mohr gav ordre om at desse tre skulle gravleggjast anonymt og utan prest, og at det skulle kallast sjølvmord.

– Vi har ein del spor som syner at tysk etterretning kom om natta, tenestejenter høyrer ruter bli knuste, dampbåt legg til kai, skot. Så beskjed frå den tyske konsulen om at dei skal gravleggjast så raskt som mogleg. Vi har mange indiser, men den rykande pistol, manglar vi, seier Skotheim.

Boka kjem i første omgang i eit opplag på 3000 bøker. Det er og verdt å nemne at det slett ikkje var keisar Wilhelm Skotheim hadde tenkt å skrive bok om.

Mannen, som mange kjenner att som ein som var med på stifte Sosialistisk Folkeparti, samt at han starta bladet «Vi over 60» og var redaktør der ei årrekkje, skulle nemleg skrive ei bok om klimaendringar i Norge

– Eg ville dokumentere korleis Norge var for 100 år sidan og korleis det er blitt i dag med brear og lakseelvar og oppdrettsanlegg i fjordar, og korleis vi handsamar naturen vår. Og så ville eg ha ein narrativ motor. Difor tok eg utgangspunkt i reisene til keisar Wilhelm. Så blei eg så fascinert av han, tida og epoken, at eg la vekk heile klimaperspektivet. Det får bli neste bok, seier Skotheim.