Hopp til innhold

Første trafikksikre barnehagen i fylket

Med god hjelp av bilbeltedyret Tarkus har barnehageborn på Leikanger lært seg korleis dei skal oppføre seg i trafikken. No får også andre barnehagar i fylket sjansen.

Nybø barnehage er ein av tre i Leikanger som er stempla som trafikksikre

TRAFIKKSIKKER: Ungane i Nybø barnehage på Leikanger kan trafikkreglane til punkt og prikke.

Foto: Eldgrim Fossheim

– No skal du møte ein hyggeleg fyr ... han heiter Tarkus. I bil har han belte, då er han trygg, syng borna så høgt dei klarer i Nybø barnehage på Leikanger.

Med refleksvestane på og omtala Tarkus i høgsetet, lyttar ungane til gode råd om korleis dei skal oppføre seg i trafikken. Det har dei gjort i fleire år, som del av at barnehagen er pilot for prosjektet som trafikksikker barnehage.

Nybø barnehage er blitt trafikksikker.

VIKTIG: Opplegget med å lære born frå tidleg alder korleis dei skal oppføre seg i trafikken har vore vellukka, meiner styrar i barnehagen, Ingebjørg Breisnes.

Foto: Eldgrim Fossheim

– Vi ser at det hjelper, og ungane er veldig flinke. Dei er opptekne av om foreldra følgjer reglane og seier ifrå, fortel styrar Ingebjørg Breisnes.

Barnehagen er saman med to andre i kommunen dei første som får som stempelet trafikksikker i fylet, og i løpet av eit barnehageår får ungane opplæring i trafikktryggleik på ulike måtar.

– Vi har temaet inne på årsplanen og snakkar med foreldra om det. Så har vi temaveker med fokus på trafikk, fortel styraren.

Forpliktar born, foreldre og barnehagen

Og borna i barnehagen er fullt klar over kva som kan bli konsekvensen dersom dei ferdast i trafikken utan refleksvest.

– Då kan bilane køyre på oss. Vi kan døy, seier dei i kor.

Trygg trafikk står bak prosjektet, som skal lære borna om enkle trafikkreglar for fotgjengarar, korleis ein skal sikrast i bil, kvifor ein må ha sykkelhjelm og refleks. For å bli ein trafikksikker barnehage blir det også stilt krav til foreldra om at dei sikrar borna på veg til og frå barnehagen, og at ein har gode rutinar for tryggleik ved parkeringsplassen til barnehagen. Barnehagen må også ha rutinar for å sikre tryggleiken når dei er på tur til fots eller i bil eller buss.

– Det er veldig viktig at ungane får gode haldningar inn tidleg. Med systematisk jobbing så går det, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

No skal opplegget rullast ut til andre barnehagar i fylket.

– Vi vil gå bredt ut til heile fylket framover. vi reknar med det spreier seg som eld i tørt gras, seier Heggestad.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane saman med bilbeltedyret Tarkus.

TARKUS: Bilbeltedyret er ein viktig del av opplæringa. Audun Heggestad i Trygg Trafikk er glad for at barnehagane i Leikanger er stempla som trafikksikre.

Foto: Eldgrim Fossheim