Aanonsen håpar ho som kvinne kan tilføre leiargruppa i politiet noko. - Det var på tide at Sogn og Fjordane fekk ein kvinneleg lensmann. Det er viktig at politietaten speglar att samfunnet, og då bør det ikkje berre vere menn i lensmannsstillingane, seier ho.
- Viktig med mangfald
Politimeister Kjell Ese meiner dette er viktig og ein merkedag for fylket. - Det er viktig med mangfald i leiinga, og at eg trur at kvinner torer å vere kvinner også som leiarar og bidreg til ein opnare politietat, seier Ese.
Politibetjent i Aurland
Marianne Aanonsen er 33 år og opphaveleg frå Sandnes. Ho har arbeidd som politibetjent ved Aurland lensmannskontor sidan 1997. Før det var ho i Bergen i halvtanna år. Fredag vart ho tilsett som lensmann i Lærdal, og ho er glad for jobben.
Oppmoda om å søke
Ho fortel at ho vart oppmoda av kollegaer i Indre Sogn om å søkje lensmannsstillinga i Lærdal. I tillegg hadde politimeister Kjell Ese oppmoda kvinner om å søkje på stillinga. Og Marianne Aanonsen synest det er heilt greitt med tittelen lensmann, sjølv om ho er kvinne.