Hopp til innhold

Først ute med digital bygdekino

Folk i bygder i Sogn og Fjordane kan gle seg over at bygdekinoen har fått nytt utstyr.

Digital bygdekino

Bygdekinoen er ikkje lenger det den ein gong var. No er den digitalisert og har premiere kvar fredag.

Foto: Roar Halten / NRK

- Publikum vil det seie at bygdekinoen er oppdatert med lyd og bilete, seier Roar Bakke, kinomaskinist for den omreisande bygdekinoen i fylket.

Revolusjon i bygdekinoen

Bygdefolk i Sogn og Fjordane er blandt dei første i landet som kan gle seg over ein digital bygdekino.

Det betyr at stjerner som Harry Potter og James Bond kjem like raskt til utkantane som til verdsmetropolane, fortel Roar Bakke, som er kinomaskinist for bygdekinoen.

- Tidlegare har vi hatt stereolyd, men no får vi skikkeleg surroundanlegg og klåre bilete.

Kino

Publikum i bygdene er svært glade for at bygdekinoen vert oppdatert.

Foto: www.colourbox.no

Digital versjon

- Men forsvinne ikkje litt av sjarmen med bygdekinoen no?

- Det kjem litt an på. Enkelte stader legg vi framleis inn pausar slik at borna kan snope litt eller ta seg ein liten pause, seier Bakke.

I Flokeneset onsdag kunne kinogjengarane sette 3D-brillene på nasa og la seg rive med i filmen «Grusome meg » i digital versjon.

For bygdekinoen i Sogn og Fjordane er av dei første i landet til å tilby ein kvalitet på lerretet mange berre kan drøyme om.

Gler seg over utviklinga

I tillegg slepp ein å berre lese om dei nyaste filmane i avisa. No kjem dei like raskt til bygda. Det likar kinoentusiastane:

- Det er bra. Eg kjem frå bygda og eg støttar dette, seier ein.

Ein annan meiner at det er nettopp dette som vil gjere at fleire vil gå på kino i bygdene.

- Kvifor skal ikkje bygdene få det same tilbodet som byane?

Og Bakke kan også freiste med at det vil bli fleire premierar på bygdekinoen.

Bygdekinoens nye utstyr

Nytt utstyr til bygdekinoen gjer den meir attraktiv enn nokon gong.

Foto: Roar Halten / NRK

Ny film kvar fredag

- I praksis kan vi vise ein ny film kvar fredag om vi vil.

- Korleis er dette i forhold til dei andre kinoane i fylket? Vil de vere ein konkurrent?

- Akkurat no er vi vel det fordi vi har fått utstyret tidleg. Men dei andre kinoane vil kome etter i desember og januar.