NRK Meny

Forlenga isolasjon

Politiet har bede Fjordane tingrett forlenge isolasjonsperioden for dei tre sikta etter brannen på Selje hotell. Mennene vart for to veker sidan varetektsfengsla i fire veker, der to veker var i full isolasjon. NRK har fått stadfesta at politiet i dag ber tingretten om å forlenge perioden med ei veke, til og med veslejulaftan.

Selje hotell
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK