Hopp til innhold

Forklarte seg urett om uhell - frifunnen for falsk forklaring

Ein sunnfjording i tenåra er frifunnen for falsk forklaring etter eit trafikkuhell i oktober i fjor.

Guten i slutten av tenåra er i Fjordane tingrett dømd for å køyrt bil utan å ha førarkortet, og for å ikkje ha vore tilstrekkeleg varsam.

Derimot slepp han straff for å ha fortalt politiet at det var ein kjenning av han som køyrde bilen.

– Tiltalte ville ha utsett seg sjølv for eit straffansvar dersom han hadde forklara sanninga til politiet om at det var han som hadde ført bilen, skriv dommarfullmektig Kamilla Hessevik Paulsen.

Det var i oktober i fjor at sunnfjordingen heldt for høg fart inn i ei rundkøyring i Førde. Bilen mista grepet på vegbana, og bilen snurra rundt 180 grader før den hamna i ein lyktestolpe.

Sjølv om retten fann det bevist at tenåringen gav urette opplysningar til politiet, frifann retten han for dette av omsyn til sjølvinnkriminering – det å medverke til eiga domfelling.

– Avgjerda heng saman med vernet mot sjølvinnkriminering, som beskyttar mot at ein blir tvungen til å medverke til eiga domfelling gjennom vitnemål eller erkjenning av skuld, skriv Paulsen.

Tenåringen vart også dømd for å ha stole to bollar og ein Litago frå ei kantine i Sunnfjord.

Fjordane tingrett meinte ei bot på 5 000 kroner var passande, samt seks månader sperrefrist på førarkortet.