NRK Meny
Normal

Forkastar nynorsken

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn er forvirra over valfridomen.

Brynjulf Jung Tjønn
Foto: Thomas Brun

I ein kronikk i Aftenposten onsdag 16. april tek Brynjulf Jung Tjønn eit oppgjer med nynorsken.

"Eg har bestemt meg. Eg vil skiljast. Eller "skilles", som det snart vil heite på hovudmålet mitt", skriv han.

Siste bok på nynorsk

27-åringen har vakse opp i Feios i Vik kommune. Han er journalist og forfattar, og debuterte med romanen "Eg kom for å elske" våren 2002.

Vendepunktet kom under arbeidet med den nye romanen "Lyden av noen som dør". Boka kjem ut på Cappelen Damm forlag i mai og blir hans siste bok på nynorsk.

Han kallar arbeidet med den siste boka ein anstrengt prosess:

"111 boksider på nynorsk, men der forfattaren sjølv har vore usikker på kva som er lov og forbode. "Noko" er for lengst blitt bytta ut med "noe", fordi det står med klaffar i nynorskordboka, og er difor lov."

Kompliserte reglar

Brynjulf Jung Tjønn har brukt nynorsk i 25 år både som journalist og forfattar. I kronikken skriv Brynjulf Jung Tjønn at han er forvirra over kva som er tillate å skrive på nynorsk, og meiner bokmål har enklare reglar:

"For eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lenger på han."

Direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet meiner Jung Tjønn har eit talemål som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.

- Det andre er at som forfattar skal du ikkje skrive perfekt nynorsk. Du skal skrive din nynorsk, seier han.

Han medgjev at nynorsk har for kompliserte reglar.

- Kronikken er eit sterkt argument for språkrådet sitt vedtak om å gå gjennom nynorsk rettskriving og lage ein strammare normal som er lettare å lære for elevane, seier Lomheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå