Hopp til innhold

Føreslår 5 månader med utesymjing

Kommunen må spare pengar, og føreslår symjeopplæring ute frå mai til oktober.

Vassenden skule

UTESYMJING: Elevar ved Vassenden skule kan måtte lære seg å symje i Jølstravatnet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Foreldre til barn ved Vassenden skule vil ikkje finne seg i at elevane må ha symjeopplæringa i Jølstravatnet.

Bakgrunnen er eit spareforslag på grunn av kommunen sin tronge økonomi.

– Alt for kaldt

– Som foreldre tenkjer eg at det er altfor kaldt i Jølstravatnet til at det kan kan erstatte den vanlege opplæringa i eit oppvarma basseng, seier Eirik Hjelmbrekke.

Han er far til ein elev i andre klasse ved Vassenden skule.

I staden for å busse elevane frå Vassenden til bading på Skei, føreslår skulen å la elevane bade i Jølstravatnet frå mai til oktober.

Hjelmbrekke stiller óg spørsmål ved kor mykje kommunen sparar på eit slikt forslag.

– Det ein sparar på busstransport vil fort bli brukt opp ved at ein må kjøpe nytt utstyr til å ha ved Jølstravatnet, seier Hjelmbrekke.

Ikkje informert

Hjelmbrekke seier til NRK at han først vart kjent med saken via media, og at han ikkje har fått nokon informasjon frå skulen.

- Nokre vil kanskje synes det er kjekt, mens andre vil kvi seg på å bade, og dermed kan det bli ei splitting i klassen, seier faren.

Han peikar på at for elevar med astma vil det vere ubehageleg å bade i så kaldt vatnet.

– Sporty forslag

Leiar for oppvekst, kultur og helse i Jølster kommune, Arve Dvergsdal seier forslaget kom frå skuleleiinga.

– Dei meiner elevane vil få ei betre symjeundervisning ved å ha den i Jølstravatnet, enn ved å skysse elevane til Skei, seier Dvergsdal.

Han trudde saken var diskutert i utvala på skulen, og beklagar at foreldra ikkje er blitt informerte om forslaget. – Det er beklageleg. Det rekna eg meg var gjort, seier Dvergsdal.

– Ein av foreldra kallar forslaget luftig og trudde det ikkje var alvorleg meint. Kva seier du til forslaget?

– Eg kan ikkje seie anna enn at i utgangspunktet virkar det som eit veldig sporty forslag.

Dvergsdal legg til at ein er nødt til å drøfte forslaget før det eventuelt vert gjennomført.

Drøfting måndag

Saken kom til kommunen før sommarferien.

– Vi hadde forslaget opp i eit møte før sommarferien, men sendte ho tilbake fordi vi lurar på kor mykje vi sparar økonomisk på dette forslaget, og om det finst andre moglegheiter, seier Dvergsdal.

– Trur du det er realistisk?

- Det er eit av spørsmåla vi må drøfte på møtet på måndag som kjem, seier Dvergsdal.