Hopp til innhold

Førde vart knust

Rykkjer ikkje opp i andredivisjon etter stortap i Drammen.

Førde - Åskollen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Laurdag ettermiddag spelte Førde returkamp mot Åskollen i Drammen. Førde var sjanselause mot drammenslaget, og kampen enda til slutt 8-1.

- Dette er det verste eg har opplevd kjenslemessig, seier trenaren Knut Erik Folland.

Kampfakta

Glassverket kunstgress i Drammen, kampstart klokka 1500.

2 minutt: 1-0 Morten Hagen

12 minutt: 2-0 Morten Hagen (straffe)

19 minutt: 3-0 Jørgen Flåtene

38 minutt: Raudt kort til Eirik Flatjord, Førde

Pause

52 minutt: 4-0 Jørgen Flåtene

66 minutt: 5-0 Thomas Backe

67 minutt 6-0 Morten Hagen

77 minutt 7-0 Faramarz Nemeti

88 minutt 8-0 Lars Stokka

92 minutt 8-1 Bernt Norevik

Slutt

Førde hadde eit dårleg forsvar i første omgang, og skapte ikkje ein einaste sjanse. Åskollen derimot fekk ein knallstart på kampen og gjekk opp i leiinga etter berre to minutt.

Førde-spelarane fekk betre kontroll utover i kampen. Men etter at Eirik Flatjord vart utvist mot slutten av første omgang og Førde måtte spele med ti mann, tok Åskvollen over spelet igjen. Drammenslaget leia 3-0 ved pause.

I andre omgang heldt målfesten fram for Åskollen. Det vart lagt til tre minutt i slutten av kampen, og Førde fekk eit trøstemål på overtid.

Førde vann første kvalifisertingskamp til 2. divisjon førre laurdag med 2-0. Åskollen vann 8-3 samanlagt, og rykker opp til 2. divisjon.

Mellom 50 og 60 supporterar følgde kampen i Drammen.