Hopp til innhold

Førde vann toppkampen

Laurdag møttes to av laga som er favorittar til å vinne serien i år.

Benny Rivedal skårar for Førde

Førde-spelar Benny Rivedal skåra det einaste målet i kampen.

Foto: Daniel Drageset / NRK

Førde møtte Årdal på heimebane og vann kampen 1 - 0.

Benny Rivedal skåra målet for Førde i det 40. minutt. Han sette ballen i mål med hovudet.

Førde-trenar Knut Erik Folland seier dette om kampen.

- Det vart ein tett og jamn kamp. Vi hadde meir målsjansar enn Årdal og vann fortent. Heile laget var gode og vi framstod som solide.

- Første kamp er spesiell

Han seier at kampen vart som forventa og at laga spelte tøft, men fair.

- Det var to gode lag som ikkje fekk vist kva dei kan. Den første kampen er alltid spesiell, og det viktigaste for oss var å vise at vi er med frå kamp nummer ein og det gjorde vi.

- Dårleg kamp

Årdal-trenar Nils Tore Krosshaug seier at dette var ein dårleg fotballkamp,

- Førde hadde mange langpasningar og det var ikkje ein god kamp verken av dei eller oss. Ingen av laga presterte noko, meiner han.

Les også: Målrikt i første runde