Hopp til innhold

Førde valsa over Eid

Med 6-1 siger over Eid har Førde gått gjennom sesongen utan å avgje poeng på heimebane.

Det er ei grei kjensle å ta med seg når Førde møter Åskollen i kvalifiseringskampane til 2. divisjon.

MÅLRIK AVSLUTNING PÅ 3. DIVISJON

Førde - Eid 6-1 (5-1)

Kampen er i gang.

3 min. 1-0 Steinar Tenden. Set inn sitt 23. mål for sesongen frå 15 meter.

9 min. 2-0 Alexander Hjelmeland Rygg.

14 min. 2-1 Stian Sandal.

23 min. 3-1 Terje Sørbø. Headar inn ein corner.

26 min. 4-1 Steinar Tenden. Stryningen står no likt med bror sin i kampen om toppscorartittelen.

33 min. 5-1 Thor Jørgen Spurkeland.

45 min. Det er pause på Førde stadion. Heller ikkje Eid ser ut til å reise frå Førde med poeng i årets 3. divisjon.

Kampen er i gang att.

62 min. 6-1 Bernt Norevik.

Det er slutt på Førde stadion.