Hopp til innhold

Førde toppar tabellen

Laurdag ettermiddag vart det spelt fire kampar i 3. divisjon.

Førde vann 4-1 på bortebane mot Eid. Dermed toppar laget tabellen med 44 poeng etter 20 kampar. Tornado Måløy spelte uavgjort mot Stryn og fekk dermed med seg berre eit poeng.

Både Førde og Tornado Måløy har 44 poeng, men Førde har betre målforskjell og toppar dermed tabellen.

Årdal ligg på tredjeplass med 42 poeng, medan Sogndal 2 har 38 poeng med ein kamp mindre spelt.

Eid - Førde

  • 14. minutt: 0-1 ved Are Gunnar Korsvoll
  • 43. minutt: 1-1 ved Kim Vik
  • PAUSE - Jamnspelt kamp i første omgang
  • 58. minutt: 1-2 ved Sander Solvik
  • 85. minutt: 1-3 ved Sander Solvik
  • 88. minutt: 1-4 sjølmål, Steinar Tenden skaut, og ballen gjekk i mål via ein motspelar.

Årdal - Høyang

  • 0-0 ved pause. Årdal har hatt flest sjansar, men ganske jamn kamp.
  • 52. minutt: 0-1 ved Thomas Frichsen
  • 70. minutt: 1-1 ved Preben Strypet
  • 81. minutt: 1-2 ved Thomas Thomas Frichsen
  • 84. minutt; 2-2 Johan Traustason
  • 90. minutt: 3-2 ved Allan Jørgesen
  • Slutt

Vik - Jøster

  • 27. minutt: 1-0 ved Svein Erik Saglien - corner vart redda på streken, Saglien skåra på returen.
  • PAUSE - tett og jamn kamp så langt, sjansar i begge retningar.
  • 48. minutt: 2-0 ved Gustav Valsvik
  • 66. minutt: 3-0 ved Tarjei Vevle
  • 81. minutt: 3-1 ved Knut Øystein Ripe
  • 91. minutt: 3-2 ved Stig Henning Sunde
  • Slutt

Stryn - Tornado Måløy

  • 17. minutt: 1-0 ved Christian Holko - straffe
  • PAUSE- jamn kamp, eit par store sjansar til begge laga.
  • 76. minutt: 1-1 ved John Martin Gil
  • Slutt

Kampen mellom Florø og Fjøra som skulle vore spelt fredag, er utsett på grunn av brannen i Florahallen i går. Det er enno ikkje bestemt kor tid denne kampen skal spelast.