Hopp til innhold

Førde har dei best nøgde studentane

I Førde finn vi dei best nøgde studentane i landet både innan ingeniørfag og sjukepleie.

Ingeniørstudentar ved automasjonsstudiet på Høgskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde

NØGDE STUDENTAR: Ingeniørstudentar ved automasjonsstudiet på Høgskulen i Sogn og Fjordane avdeling Førde.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Studiebarometeret for 2014 viser at studentane innan elektro, energi, elkraft og miljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde er dei aller mest nøgde ingeniørstudentane i landet.

På ein skala frå 1 til 5 kjem dei ut med 4,7. Og ikkje nok med det: Studentane på elektro, automatiseringsteknikk i Førde er også inne på topp fem med 4,5.

Og innan sjukepleie tronar studentane i Førde heilt på topp med 4,8.

– Veldig gledeleg

Instituttleiar Eli Nummedal for ingeniør og teknologi er sjølvsagt glad for å ha dei best nøgde studentane i landet.

– Det var veldig gledeleg. Det er klart vi er spente på resultata av ei slik måling. Vi hadde gode resultat i fjor, men då hadde vi berre automasjonsstudentane inne med nok svar. Vi er veldig stolte over at studentane har bedømt oss som dei har gjort.

– Kva trur du er grunnen til at dei er så nøgde?

– Vi har fokus på godt studentmiljø og godt studiemiljø, vi framhevar at vi er tett på studentane, at vi underviser på ein slik måte at det er lett å spørje og kort veg til lærarane. Og studentane er med på å skape det gode læringsmiljøet.

Smått kan vere godt

– Og i desse fusjonstider kan det kanskje vere greitt å registrere at smått kan vere godt?

– Ja, det er veldig kjekt.