- Det er ynskjeleg at biografien blir skriven på nynorsk, men det er ikkje noko absolutt krav, seier Viksveen.
Fleire forlag har meldt si interesse for å skrive biografien om Einar Førde. Men om biografien blir skriven på bokmål eller nynorsk er altså eit ope spørsmål. For familien har mange forlag og forfattarar å velje mellom.
Ifølgje Dag og Tid er mellom andre Aschehoug interesserte i gå gje ut biografien om Einar Førde. Og Nina Refseth i Det Norske Samlaget stadfestar at også ho er blant dei interesserte. - Blir det Samlaget som får oppdraget med å skrive biografien, blir han sjølvsagt på nynorsk, lovar forlagsdirektør Nina Refseth.
Kven som helst kan sjølvsagt gå i gang med ein biografi om Einar Førde. Men enka sit på eit omfattande arkivmateriale som blir tilgjengeleg for den forfattaren ho ynskjer skal skrive biografien. Det viktigaste for familien er at det vert ein forfattar familien er fortruleg med, seier Thor Viksveen.
Men historikar Johs B. Thue meiner språket bør vere avgjerande når familien bestemmer seg for kven som får skrive biografien om Einar Førde.