Hopp til innhold

Dersom du slepp ned ein snøball i Flora bryt du politivedtektene

Flora bystyre vedtok tysdag politivedtekter for kommunen - nokre av vedtektene er snodige, synest Frp-representanten Frank Willy Djuvik.

Utsikten i Florø

FORBODE: Når snøen lavar ned over Flora i vinter, er det best å motstå freistinga å pakke seg ein snøball...

Foto: Arny Bjørvik

Sjølv valde han å ikkje bruke tid og kløkt på å føreslå endringar i vedtektene, sjølv om både han og andre i bystyret synest det er merkeleg at det t.d. skal vere forbode å kaste eller sleppe stein eller snøball.

– Dersom du held ein snøball, og politiet ber deg om sleppe han, så går du rett i fella. Du må legge snøballen pent og pynteleg frå deg. Så har vi som seg hør og bør forbod mot å urinere på offentleg stad, men det står ingenting om å gjere frå seg på andre måtar.

I vedtektene står det at det ved eller på offentleg stad, er det forbode å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kva er sømeleg?

Frank Willy Djuvik

- MYKJE SNODIG: Frank Willy Djuvik (Frp) smiler av mange av politivedtektene, men valde å røyste for likevel.

Foto: Benedicte Hole / NRK

På einskilde felt er vedtektene svært klare og detaljerte, på andre område er det rom for skjønn.

– På kyrkjegardar skal ein ikkje drive med aktivitetar som ikkje sømer seg, og då må det vere opp til folk flest eller politiet kva som er usømeleg, om det handlar om å gå i kortbukse eller anna, skal eg ikkje meine så mykje om, seier Djuvik.

Sjølv fleipa han i bystyret med at han personleg kunne tenke seg nokre tillegg.

– Eg sa at menn over 50 i trange sykkelbukser sjenerer meg, og at vi kanskje skulle vurdere å ta det med i vedtektene, utan at eg fekk den heilt store tilslutnaden til det. Når vi ser på samansetjnga i Flora bystyre så skjønar ein kanskje kvifor.

Djuvik trur ikkje politivedtektene kjem til å bli særleg mykje brukte.

– Eg håpar at kommunetilsette og politifolk ikkje brukar mykje tid på å handheve forboda. Om nokon skulle finne på å ha ein liten snøballkrig håpar eg ikkje politiet grip inn og avbryt den.