NRK Meny

Førar hoppa ut då russebil tok fyr

Ein russebil tok søndag kveld fyr på veg opp mot Slåttebakkane i Førde, like ved E39. Ifølgje Alarmsentralen skal det ha teke fyr under bilen, men brannen var sløkt med brannsløkkingsapparat før brannvesenet kom til staden. Då bilen tok fyr hoppa føraren ut, og bilen trilla bakover. Ingen kom til skade i uhellet. – Politiet jobbar no med å finne ut årsaka til brannen, seier operasjonsleiar Olaug Holme. Bilbergar er på staden.

Russebil tok fyr i Slåttebakkane i Førde
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK