Hopp til innhold

Ho meiner Norge ikkje har råd til å la vere å investere i ferjefri E39

– Rapporten som konkluderer med at ein ferjefri E39 bør skrinleggast tek ikkje omsyn til det næringspotensialet som ligg i planane, seier fylkesvaraordførar og leiar i stamvegutalet, Jenny Følling (Sp).

Jenny Følling

REAGERER PÅ RAPPORTEN: Leiar Jenny Følling i Stamvegutvalet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ho seier ho reagerer på at det blir bestilt rapportar som har som mål å så tvil om planane om å byggje bruer over fleire vestlandsfjordar for å få ein ferjefri E39.

– Dette er faktisk eit viktig næringsprosjekt, for delar av vegen har veldig dårleg standard, og det er mange ferjer. Første tiårsperioden er det meininga å ruste opp vegane, i neste tiårsperioden skal bruene byggjast.

Det er forskar Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt - TØI - som på oppdrag for Sjømannsforbundet har vurdert kor samfunnsøkonomisk lønsamt ein ferjefri E39 vil vere.

«Fire av sju bruer sterkt ulønsame»

Hans konklusjon er at fire av dei sju bruprosjekta er sterkt ulønsame, mellom dei bru over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. For bru over Nordfjorden er konklusjonen at den er marginalt ulønsam.

Ferjefri E39

STERKT ULØNSAME? Forskaren i Transportøkonomisk Institutt meiner fire av sju planlagde bruer er sterkt ulønsame samfunnsøkonomisk.

Foto: Statens vegvesen/ Arne Jørgen Myhre

– For snevert

Jenny Følling meiner forskarane ikkje tek inn over seg at det vil bli auka verdiskaping ved å byggje ein ferjefri E39.

– Det er transport, transporttid og tal på bilar som køyrer på vegane som er hovudelementa i desse analysane. Det blir eit for snevert spekter. Og vi hadde ikkje hatt mange vegar i distrikts-Norge dersom det skulle vere dei samfunnsøkonomisk analysane som låg til grunn.

– Har ikkje råd til å la vere

Ho er budd på at det kjem til å bli kamp om samferdselskronene framover.

– Men Norge har faktisk ikkje råd til å la vere å investere i ein opprusta og etter kvart ferjefri E39, fordi vi har så stort næringspotensial på vestlandskysten i form av dei marine og maritime næringane, og olje- og gassressursane.

Ho meiner at å korte ned reisetida med sju-åtte timar på heile strekninga frå Stavanger til Trondheim vil bety mykje for lønsemda til næringslivet og føre til fleire arbeidsplassar.

– Kjem det ikkje ferjefri E39 vil det auke presset mot byane, og etter kvart vil det gjere noko med produktiviteten i Norge, for nokon må skape verdiar, og det er fornuftig å skape verdiar på dei naturressursane vi har.