– Det er litt uverkeleg at noko slikt skal skje i den trygge Erdalen. Vi er ikkje vant med eit slikt politioppbod som har vore her i helga.
Det seier John-Magne Erdal som bur i Erdalen i Oppstryn. Der leiter no politiet framleis etter mannen som flykta dit laurdag ettermiddag. Då hadde han truga til seg ein bil med kniv.
SISTE: Det er no avslutta søk med helikopter. Men mannskap frå Raude Krossen og politiet held fram leitinga. Dei vurderer fortløpande kor lenge dei skal halde på ut over kvelden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– I går bad politiet dykk om å låse dørene og ta nøklane ut av bilane. Korleis er det å få ein slik beskjed?
– Nei, det er ikkje noko kjekt. Det seier seg sjølv. Vi låste både bilar og hus, og prøvde å vere forsiktige.
– Som å leite etter nål i høystakk
Politiet har ingen spor etter mannen som kjem frå Rogaland. Han er i 20-åra, tynn og om lag 180 centimeter høg.
– Vi har ingen observasjonar. Det er nesten som å leite etter nåla i høystakken, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge.
– Vi har ikkje sett noko til denne karen. Så det er ingen som veit kvar han er, seier Erdal.
- LES OGSÅ:
I natt var det om lag 15 minusgrader i området.
– I føremiddag er det 11 minusgrader her med ein kald trekk frå breen. Det er ikkje noko bra å gå ute utan gode klede.
Har sperra av dalen
Over 50 personar bur i Erdalen. Både småbarnsfamiliar og pensjonistar.
– Vi har ungdommar som skulle på fest i går kveld, så då valte vi å hente og bringe til døra, fortel Erdal.
Både i natt og i dag har politiet sperra av inngangen til dalen. Alle bilar som skal inn og ut av dalen blir kontrollerte. Folk som ikkje har eit naudsynt ærend, blir ikkje slept inn.
– Det er litt kjedeleg viss dei ikkje greier å finne han. For då veit ikkje kva som luskar rundt her, seier John-Magne Erdal.