Hopp til innhold

Tine-rekord gir bonusrekord for mjølkebønder

Tine har sett ny resultatrekord og følgjer opp med å betale mjølkebøndene rekordhøge 870 millionar kroner i bonus.

En datastyrt robot tar seg av melkingen av kuene.

ILLUSTRASJON: Kring 9 000 mjølkebønder får ført tilbake ein god slant pengar frå Tine.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Avgjerda om å etterbetale 59 øre per liter levert mjølk i fjor, betyr at ein gjennomsnittleg mjølkebonde som leverer til Tine, får ein bonus på 97.000 kroner, skriv Nationen.

Dermed er fjorårets bonusrekord slått til gagns, med heile 40 prosent.

– Det er veldig bra at dei forvaltar mjølka vår så bra, kjem med nye produkt og tek grep for å styrke konkurransekrafta og økonomien for oss mjølkeprodusentar, seier mjølkebonde Sindre Årsvoll i Sandnes til avisa.

Betre enn offensivt mål

Thorkild Heieren

GLEDELEG: Både bøndene og meieristyrar Thorkild Heieren kan gle seg over auke i salet av mjølkeprodukt.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Tine leverte i fjor eit driftsresultat på nær 1,7 milliardar kroner. Det er ein auke på 315 millionar kroner for den bondeeigde samvirkeselskapet. I underkant av ti prosent av landets nær 9 000 mjølkebønder er å finne i Sogn og Fjordane. Samla står dei for seks-sju prosent av den totale mjølkeproduksjonen i Tine.

Medan salet av søtmjølk går ned, aukar salet ost, yoghurt og matlagingsprodukt. Konsernet nyt også fruktene av tiltak for å effektivisere drifta.

– Vi hadde eit offensivt mål om å forbetre drifta med 750 millionar kroner. Ved årsskiftet passerte vi 800 millionar, seier konsernsjef Hanne Refsholt til Nationen.

Betre utnytting

Tine Byrkjelo

HALVPARTEN: Tine Byrkjelo var dimensjonert for 8 500 tonn Norvegia-ost i året. I fjor enda det på 11 000 tonn.

Foto: Bård Siem / NRK

Medan Refsholt trur dette berre er opptakta til ein langsiktig styrking, ser også Thorkild Heieren, driftssjef ved meieriet på Byrkjelo, lyst på framtida.

Her produserer dei kring halvparten av Norvegia-osten som blir konsumert i Norge.

– Vi må utnytte både døgnet og veka for å møte etterspurnaden. No er det på gang ei stor utgreiing i Tine-systemet for å sjå på strukturen. I den settingen ligg det inne ein del alternativ som kan gi auke i produksjonen på Byrkjelo. Men den er ikkje ferdig og klar for styrehandsaming før i slutten av mars, seier Heieren.