Hopp til innhold

Følg Sogndal – Rosenborg direkte

Med Kjetil Wæhler ute med skade, tek Espen Næss Lund plassen hans i midtforsvaret til Sogndal. Her kan du følgja kampen direkte.

Eliteserien fotball 2017: Viking - Sogndal.

BLIR DET SCORING? Martin Ramsland er Sogndal sin toppscorar med seks må denne sesongen.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det motsette oppgjeret i årets eliteserie var for tre veker sidan i Trondheim. Då tapte Sogndal 3-0, etter at Rosenborg scora tre mål på sju minutt.

– Eg følte me var bra der oppe. Det var sju minutt der me var ute av det, men strategien fungerte bra. Med Rosenborg heime må me smella til. Me har ingenting å tapa og det blir bra med folk her. Rosenborg er ikkje heilt det dei var, så det er fullt mogleg å ta dei. Respekten må liggja att i garderoben, seier trenar Eirik Bakke.

Eliteserien fotball 2017: Rosenborg - Sogndal.

KLARAR SOGNDAL Å STOPPA ROSENBORG? Det klarte dei ikkje for tre veker sidan.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Rosenborg er øvst på tabellen med 32 poeng. Sogndal er på 11.-plass med 20 poeng.

På treninga fredag vart den trulege startoppstillinga drilla i formasjonsstrening. Mathias Dyngeland stod lite overraskande i mål. Framfor seg hadde han Taijo Teniste, Per-Magnus Steiring, Espen Næss Lund, Ulrik Fredriksen og Lars Christian Kjemhus.

Lenger fram vart Johan Hove, Eirik Birkelund, Eirik Schulze, Bendik Bye, Martin Ramsland og Gilbert Koomson drilla. Ein av dei seks som vart drilla framme må ut for å få talet ned i 11. Den endelege lagoppstillinga kjem ein time før kamp.

Første siger sidan 1998?

Førre Sogndal-siger mot Rosenborg må ein heilt tilbake til 1998 for å finna. 9. juli det året vart det 2–1 til Sogndal på Fosshaugane. Bakke håpar å enda den rekka utan siger i dag.

– Mot Ålesund hadde me heller ikkje vunne sidan 1996, og då slo me dei. Me får stola på at dette er året statistikken skal brytast. Det er mogleg, og me går for tre poeng, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..