Hopp til innhold

Følg med på Klassequiz-finalen!

Onsdag 18. mars kan du sjå på nettsida vår korleis det går i fylkesfinalen i Klassequizen.

Onsdag 18. mars kan du følgje finalen i Klassequizen i Sogn og Fjordane.

FØLG FINALEN: Laget frå Eid ungdomsskule vil sette Eid på kartet, frå v. Stian Høvig, Sondre Vangberg og Synnøve Berstad.

Stine Kyrkjebø Johansen

PROGRAMLEIAR: Stine Kyrkjebø Johansen skal leie fylkesfinalen 18. mars.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Laga frå Olden skule, Eid ungdomsskule og Sande skule møtest til dyst om kva skule som har dei mest skarpskodde 10. klassingane i Sogn og Fjordane.

Desse tre laga greidde 10 av 12 rette i innleiande runde og slo dermed ut 28 andre lag.

Fylkesfinalen blir leia av Stine Kyrkjebø Johansen og går direkte i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag 18. mars mellom klokka 14.10 og 15.00.

Vil du i tillegg til å høyre også sjå korleis det føregår kan du gjere det på nett-tv, for finalen blir streama her på nettsida.

Olden skule Klassequizen

FINALELAG: Otelie Auflem Tenden, Peder Skåden og Marcus Vangberg frå Olden skule. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK
Hallvar Fauske Bygstad, Linn Mari Nilsen og Rakel Rose Øvretveit

FINALELAG: Laget frå Sande skule. Frå venstre: Hallvar Fauske Bygstad, Linn Mari Nilsen og Rakel Rose Øvretveit.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK