Hopp til innhold

Følg finalen i Klassequizen frå 15:00 tysdag

FØRDE (NRK): Av 36 tiandeklassar gjekk Stryn til slutt sigrande ut.

Elevar frå Eid ungdomsskule, Kvåle skule, Feios skule og Stryn ungdomsskule er med i årets Klassequiz-finale i Sogn og Fjordane

KLAR TIL FINALE: Tysdag er det klart for den store fylkesfinalen i Klassequizen. Feios skule, Kvåle skule, Stryn ungdomsskule og Eid ungdomsskule skal tevle om kven som er den smartaste tiandeklassen i Sogn og Fjordane.

NRK kjem tilbake med meir frå Klassequiz-finalen.

Klokka 15:00 tysdag brakar det laus, og du kan følgje finalen direkte i levande bilete her på våre nettsider, og på radio. Vi legg også ut finalen i sin heilskap i ettertid.

Aleksander Åsnes har reist rundt i heile fylket dei siste månadane, og treft smarte tiandeklassingar. Han tykkjer nivået har vore høgt.

– Eg er imponert over kor mykje elevane kan, det har jamt over vore eit høgt nivå på deltakarane, seier Åsnes.

Dei fire skulane som skal tevle om å bli fylkesvinnar tysdag er Feios skule i Vik, Kvåle skule i Sogndal, Stryn ungdomsskule og Eid ungdomsskule. Ein av desse vil gå vidare til landsfinalen som vert sendt på NRK1 i mai.

Både radio og nett-tv

I tillegg til at finalen vert sendt direkte på NRK P1 Sogn og Fjordane frå klokka 15:00, vil alt verte filma og sendt direkte her på våre nettsider.

Først vil to av skulane møte kvarandre i dei innleiande semifinalane, før dei to beste går vidare til den avgjerande finalen. Vinnaren får 5000 kroner til klassekassa si, som dei kan bruke på kva dei vil.

Stian Sjursen Takle sjekkar lyden før klassequizfinalen

SJEKKAR LYDEN: Stian Sjursen Takle skal styre lyden under klassequizfinalen tysdag. Her sjekkar han at alt er på stell under førebuingane måndag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Høyr dei fire skulane sin veg til finalen

Om du vil høyre att nokre av episodane frå kvalifiseringsrunden, kan du høyre dei fire skulane som kom vidare her:

Stryn ungdomsskule:

Kvåle skule:

Feios skule:

Eid ungdomsskule: