Avdelingsjordmor Inger Sofie Johannessen meiner det er naturleg at den sterke striden har ført til ein nedgang i talet på fødslar. - Så då treng vi i alle fall eitt svangerskap på å opparbeide tillit blant alle i befolkninga, seier ho.
Etter ein lang og bitter strid slo helseminister Dagfinn Høybråten i januar fast at fødeavdelinga i Lærdal skulle gjerast om til forsterka fødestove. Det sette ikkje dei fødande pris på. Så langt i år er talet på fødslar 87. I same periode i fjor var det vel 160.
Fleire årsaker
Johannessen meiner det er fleire årsaker til nedgangen.
- Vi har strengare seleksjonskriterium enn då vi var ei fødeavdeling, og etterdønningar etter den usikre situasjonen for eit halvt års tid sidan kan og gjere at fleire vel å ikkje vere gravide i år, seier ho.
No meiner Johannessen at dei fødande er på veg tilbake. - Frå juni og juli har vi hatt markant oppgang i fødslar kvar einaste månad, seier ho.
Fødselstala så langt i år er i alle høve så låge at indresogningane får ei klar oppmoding frå avdelingsjordmora; Legg dykk saman og gjer noko!