Hopp til innhold

Flytta frå alt for å drive hotell i Spania

Som unge kvinner i 20-åra forlèt Trude Opseth og Siw Hellebust Norge for å drive hotell Spania. – Betre å prøve og feile, enn å ikkje prøve og angre, seier Trude Opseth.

Hotell Gran Sol

DÅRLEG RYKTE: Trude Opseth seier at dei tok over ein sliten bygning med dårleg rykte, og at det har teke mykje tid og krefter å rette på det.

Foto: Trude Opseth

– Det byrja med at faren vår var på jakt etter eit feriehus. Då kom han over hotellet, og spurte om vi var interesserte, forklarar Opseth på telefon frå den litle byen Calpe sør for Valencia på austkysten av Spania.

I 2011 var ho BI-student på siste året. Men saman med si sju år eldre søster, Siw Hellebust, pakka ho saman og reiste frå Norge. Ingen av Førde-kvinnene hadde erfaring frå hotell og restaurant.

– Difor kalla pappa det «Prosjekt galskap». Men eg tenkte «kvifor ikkje»? Det er betre å prøve og feile, enn å ikkje prøve og angre. Det var også spennande med sol og fint vêr året rundt, seier Opseth, som er dagleg leiar på hotellet.

Hotel Gran Sol

FJELLSIDA: Hotellet ligg litt oppe i fjellsida, men å få økonomi i drifta har teke fleire år.

Foto: Trude Opseth

Dårleg rykte og sliten bygning

Men den første tida fekk ingen av søstrene nyte sola og det fine vêret.

– Det var skremmande og tøft. Vi tok over ein stad med dårleg rykte og ein trøytt bygning. Det var ikkje akkurat innbydande då vi tok over. Likevel var det ein sjanse vi ikkje ville seie nei til, seier Opseth.

I dag er Hotel Gran Sol eit heilt anna, fortel den daglege leiaren.

– Vi har gjort renovert mykje. Romma er større og det er gjort ein ny vri med restauranten. Det har gått veldig greitt.

Hotel Gran Sol

SPANSK STIL: Opseth og kollegaane har pussa opp restauranten.

Foto: Trude Opseth

Først i år ser tala gode ut

Men slikt kostar, og det merkast. For økonomisk har det ikkje vore lett.

– No går det rundt. Men det har teke si tid å kome dit, og det har vi klart takka vere hardt arbeid og eit godt team. No er vi der vi skal vere.

– Går de med overskot?

– Vi er vel ikkje heilt der enno, men dette året ser vi at det har gått veldig bra. Det blir i alle fall ikkje negative tal, seier Opseth.

Trude Opseth, Siw Hellebust

QUIZ-KVELD: Her er Trude Opseth (t.v.), søstera Siw Hellebust og dottera hennar på quiz-kveld i Calpe. Alle trivst godt i den litle, spanske byen.

Foto: Trude Opseth

– Ikkje planar om å gje meg no

I dag har hotellet litt oppe i fjellsida ti rom, restaurant, basseng, og fire fast tilsette. I sommarsesongen er dei åtte. Men Hellebust er ikkje lenger med.

– Det er mykje arbeid, du står på heile dagen. Ho har ei dotter, og det vart litt lite tid til henne. Men ho fann seg ein ny jobb og stortrivst her nede enno, seier Opseth.

Trivst gjer Opseth også, som no har funne seg ein spansk kjærast og er etablert i den litle kystbyen.

– Eg sa først eg skulle prøve to år, men har vore her i fire og eit halvt. No går det bra, og eg har ikkje planar om å gje meg enno.