Hopp til innhold

Flytta 90 år gamalt sel tilbake dit det ein gong stod

Etter krigen tok nokre driftige bønder i Norddalsfjorden i Flora grep for å sikre seg betre stølsbeite. No har etterkommarane deira gjort det same for å sikre seg ein finare hytteplass.

Sette gamalt sel på ny plass

BRUKTE HELIKOPTER: Folket i Norddalsfjorden nytta seg av helikopter då dei flytta det gamle selet til sin nye plass.

Foto: Trond Strømgren / NRK

– Forfedrane våre hadde vel snudd seg i grava om dei visste kva vi haldt på med. Vi flyttar jo selet vekk ifrå den beste plassen å ha sommarbeite, seier Torgeir Higraff.

Higraff har røtene sine i Norddalsfjorden, og saman med andre i slekta har han flytta eit meir enn 90 år gamalt sel tilbake til dit det ein gong stod, på Midtbøstøylane.

– Selet vart bygd for nitti år sidan for å fungere som støl medan sau og geiter var på sommarbeite. Etter den andre verdskrigen fann dei ut at det var endå betre beite på nordsida av dalen, og då flytta dei det dit.

Skrift

RISSA INN: Her er eigarane av selet rissa inn namnet sitt ein gong i 1937.

Foto: Torgeir Sæverud Higraff

– Helikopter er lettvint

Den gongen vart selet teke frå kvarandre, og folk bar det for hand til den nye plasseringa. Denne gongen vart det gjort på ein mykje lettare måte, nemleg ved hjelp av helikopter.

– Det er lettvint, og veldig effektivt, seier Higraff.

No er det om lag ein halv time å gå ifrå gardane på Midtbø i Norddalsfjorden og opptil selet. Om dei skulle ha gjort transporten ved hjelp av handmakt, hadde det vore eit omfattande arbeid.

– Eg har prøvd å bere ting den distansen det er tale om, og det var forferdeleg strevsamt. Eg er glad vi slepp å gjere det på den måten.

Stølsdrift

ARBEID PÅ STØLEN: Bøndene som tidlegare har nytta selet har hatt stølsdrift. Dei flytta selet for å setje det på ein plass der det var betre sommarbeite.

Foto: privat

Skal ikkje ha stølsdrift

Stølsentusiasten tykkjer uansett det er kjekt å kunne ta vare på eit minne ifrå den tida gardane på Vestlandet dreiv med aktiv stølsdrift om somrane.

– Noko av det kjekkaste å halde på med er å ta vare på kulturarven oppe på stølane våre. Det tykkjer eg er viktig.

Men Higraff og familien har ikkje planar om å byrje med stølsdrift i det gamle selet.

– Det blir ein stad for ettertanke og ro. Vi skal hente vatn i elva, og på mange måtar leve som dei gjorde før i tida, men det blir ikkje like strevsamt.