- Kontrollmålingar den siste tida tyder på at utsleppet ligg under grensa, seier Steinar Frosta, som er sjef for helse, miljø og sikkerheit på Hydro i Årdal. Dersom fluorutsleppa ligg over konsesjonsgrensa, vankar det bøter frå Statens Forureiningstilsyn.
Under grensa
Statens forureiningstilsyn har sett ei grense på 16 kilo fluor i timen i gjennomsnitt for eit heilt år. Ved utgangen av september viser dei offisielle tala for Årdal metallverk at dei har sleppt ut 18,3 kilo. Dersom det talet er rett og det held seg ut året, vankar det store miljøbøter på Hydro Aluminium. Men dei har ei stund hatt mistanke om at tala lyg, og kontrollmålingane viser altså 3-4 kilo mindre, og dermed under konsesjonsgrensa.
Høgare på 1980-talet
Tidlegare døydde tre som følgje av fluorutsleppa. (Foto: NRK)
Når drifta av omnane går dårleg, stig fluorutsleppet frå aluminiumverket i Øvre Årdal. Til samanlikning var utsleppet på 1980-talet, før Hydro overtok, tre gonger høgare enn no.
- Men i år har drifta gått svært godt, og difor har vi reagert på at målingane har vist fluorutslepp over konsesjonsgrensa, seier Steinar Frosta.