Hopp til innhold

Møtt med smilefjes i garderoben - trur at glade spelarar er årsaka til Florø-suksessen

På taktikktavla før kampen mot Ålgård hadde Florø-trenar Terje Rognsø laga eit stort smilefjes. Ein glad fotballspelar presterer betre, meiner den suksessrike trenaren.

Florøtrenar Terje Rognsø girar spelarane opp med smilefjes og tiltru til eigne prestasjonar før kamp. Laurdag vart det ny siger.

Smilefjes i Florø-garderoben - DETTE MØTTE SPELARANE: Eit stort smilefjes på taktikktavla møtte Florø-spelarane då dei skulle gjere seg klare til dagens kamp mot Ålgård. - Foto: Truls Kleiven / NRK DETTE MØTTE SPELARANE: Eit stort smilefjes på taktikktavla møtte Florø-spelarane då dei skulle gjere seg klare til dagens kamp mot Ålgård.

Etter nok ein siger er no Florø heilt i toppen av 2. divisjon avdeling 3. I dag var det Ålgård som fekk kjenne karane frå kystbyen på pulsen, og rogalendingane må reise heim med halen mellom beina.

– Det var ein kamp som der vi i 1. omgang hadde totalt styring, og vi var kanskje litt misnøgde med at vi ikkje leia med meir enn to mål. Vi er heilt overlegne, og dei hadde ingenting. I 2. omgang går vi raskt opp i 3-0, og vi er litt skuffa der vi gjev dei moglegheiter til å score eit mål. Så ser vi at vi får mål i mot, så køyrer vi eigentleg over dei resten av kampen. Alt i alt bra, men vi jobbar jo heile tida med å få vekk alt som ikkje er bra, seier Terje Rognsø.

Møtt med smilefjes

Då NRK fekk vere med inn i garderoben før kampen var nok det mest overraskande det som stod på taktikktavla. Ingen posisjonsmarkeringar eller utropsteikn, berre eit stort smilefjes. Heilt bevisst, seier Florø-trenaren.

– Ein glad fotballspelar gjer det som oftast mykje betre enn ein som ikkje er glad. Det ligg ikkje noko djuptgåande i det, men vi er opptekne av at ein skal tore å bruke evnene sine. Vi er opptekne av at spelarane skal ha mot til dette, men då må vi også akseptere at dei kan gjere feil, seier Rognsø.

Florø-jubel

GLADE SPELARAR: Godt humør, og det å ha mot til å stole på eigne evner, er sigersoppskrifta. Det meiner trenar Terje Rognsø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Mange vil på A-laget

Sjølv om laget no kjempar i toppen, i rak motsetnad til naborival Førde, så vil ikkje Rognsø vere med på nokon opprykksspekulasjonar. Det handlar heller om å dyrke gode spelarar og skape spelarglede, meiner han.

– Vi har bra fotballspelarar, og vi har mange i den forstand at det er ein sterk konkurranse om å kome med på laget. Vi har sikkert no alt brukt 20 ulike spelarar i 2. divisjon. Det betyr at spelarane er skjerpa. Det gjer i alle fall at spelarane er veldig skjerpa på trening og i kamp. Vi har ein av dei beste og breiaste stallane i divisjonen.

Stolar på eigne krefter

For ikkje mange sesongar sidan var Florø nede i ein fotballmessig bølgjedal, men no er optimismen til å ta og kjenne på i kystbyen. Og nær alle spelarar på laget kjem frå nærområdet.

– Frå vi tok over, så har det vore heilt bevisst at ein skal satse på dei vi har her ute. Av dei som starta i dag, så har alle utanom målvakta vore i klubben sidan dei var seks år gamle. Vi har ingen problem med å få inn spelarar utanfrå, men vi handlar ikkje spelarar, slår trenar Terje Rognsø fast.

–Vi må klare oss med det vi har, vi har ikkje pengar til å vere med på den galoppen som mange andre klubbar er med på. Men det viser jo at det går an å gjere det på vår måte også.