Hopp til innhold

Florø tok tre poeng

Florø vann 1 -0 over Eid på heimebane laurdag.

Eivind Nybakk skåra eit flott mål etter innlegg frå Christer Husa.

Les også: Målrikt i første runde

- Vi er veldig nøgde med at vi vinn og får med oss tre poeng. Dette vart ein typisk opningskamp med mykje duellspel, seier Florø-trenar Rune Hovland.

Han seiar at laget i periodar spelte bra.

- Men vi har nok litt å gå på spelemessig. Vi mangla fire spelarar i dag, så utfrå det tykkjer eg at vi klarte oss godt mot Eid som er robuste og har bra fysikk.

- Burde vunne

Trenar for Eid, Geir Moldestad, er sånn passe fornøgd med kampen.

- Det vart ein dårleg førsteomgang, og det er ikkje noko å seie på at dei leda 1-0 til pause.

Han meiner at dei skulle drege sigeren i land.

- Vi spelte ein OK 2. omgang og styrte det meste. Vi hadde klare moglegheiter, så eg er skuffa over at ikkje skåra både to og tre mål. Framover må vi jobbe meir med ball-tempoet og trykket mot mål når innlegga kjem.