Hopp til innhold

Florø skal måle sykkelbruken

Tre sensorar i bakken skal registrere kor mange som syklar i Florø, melder Firdaposten. For halvanna år sidan fekk byen status som sykkelby. – Då kan vi måle kor mange som syklar, kor tid dei syklar og kvar det er mest pågang, seier prosjektleiar Catherin Secher til avisa. Materialet som blir samla inn vil også gje dei ein peikepinn på kva dei må gjere for å få fleire folk til å sykle.