Hopp til innhold

På sitt beste er Florø på høgde med topplaga i 2. divisjon, meiner trenaren

Denne helga har Florø og Førde sine første heimekampar i 2. divisjon. Nyopprykte Florø har kome best i gang av dei to laga.

Stefan Aase og Bernt Norevik

KVEN BLIR BEST? Florø representert ved Stefan Aase ser ut til å vere eit hestehovud føre Førde og Akexander Stockinger før første heimekamp.

Foto: TRULS KLEIVEN

Torsdag kveld vann Florø fortent 2-0 over Førde i første runde i cupen.

Og i første serieomgang sikra Florø seg uavgjort borte mot Egersund, medan Førde gjekk på eit tap borte mot Åsane.

Trur på jamn serie

(Artikkelen held fram under biletet).

Florø-Førde 24.4. 2014

HARDE TAK: Runar Hove (blå drakt) og Florø tok det første stikket mot Førde. Men laga møtest igjen 16. mai i serien. Frå v. Alexander Ødegaard, Thor Jørgen Spurkeland, Runar Hove, Bjørnar Hove og Gisle Isene.

Foto: TRULS KLEIVEN

Søndag tek Florø imot Vard Haugesund på Florø stadion. Vard Haugesund var i 1. divisjon i fjor og rykte ned, men vann 2-1 heime mot Stord i første seriekamp. Og i første runde i cupen vart det 2-1 borte mot Os.

Florø-trenar Terje Rognsø er litt usikker på kor høgt dei skal sikte på tabellen.

– Vi kjenner ikkje godt nok laga vi skal møte. Eg trur 2. divisjon blir temmeleg jamn, og då er det om å gjere å grabbe til seg poeng når vi kan. Det er viktig å vere god på dei svakare dagane dersom vi skal vere med på øvre del av tabellen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Terje Rognsø

TRUR PÅ JAMN AVDELING: Florø-trenar Terje Rognsø trur laget hans er blant dei beste når dei har dagen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– I toppen når vi har dagen

Rognsø ser på Vard Haugesund som ein av favorittane i 2. divisjonsavdelinga, men han meiner at Florø på sitt beste også er i toppsjiktet.

– Eg trur ikkje det er så mange av dei andre laga som har betre topp-potensiale enn oss. Men utfordringane er dei dagane ting ikkje går heilt som dei skal.

I cupkampen mot Førde torsdag kveld var det jamnt i første omgang, men særleg det siste kvarteret terroriserte Florø naboane frå Førde med kjappe kontringar, og ut frå det kan det iallfall sjå ut som Florø skal kunne gjere det betre i serien. Men Rognsø vil ikkje legge for mykje i denne kampen.

– Det er cup, og i første omgang synest eg Førde fekk altfor mange sjansar. Eg er ikkje spesielt happy med det vi styrte med då. Men etter kvart tok vi over, det gjekk fort i lengderetninga, og då er det fleire enn Førde som skal få problem med å henge med.

(Artikkelen held fram under biletet).

Eirik Flatjord og Thor Jørgen Spurkeland

FØRSTE STIKK, MEN? Florø var betre enn Førde i cupkampen, men kan framleis gå på trynet i serien. Her er det Kristoffer Book som tek ein saltomortale. Førde-spelarane er Eirik Flatjord og Thor Jørgen Spurkeland.

Foto: TRULS KLEIVEN

For Florø er det både ein fordel og ei ulempe at dei har så brei stall. Det kan gjere det vanskeleg å plukke den beste startellevaren til ei kvar tid, men samstundes profiterer Rognsø på det når kampprogrammet er tett, slik som no.

– Vi kunne gjere fem skifte frå kampen mot Egersund, så breidden i stallen er viktig. Vi har ny kamp igjen alt søndag, og ein del av spelarane skal spele i junior-NM laurdag.

Førde manglar breidde

For Førde er situasjonen litt annleis framfor første heimekampen i serien. Assistenttrenar Torbjørn Glomnes leia laget mot Florø, og han trur mangelen på breidde i stallen kan bli ein hemsko.

– Vi har like gode spelarar som i fjor, men vi har ikkje mange nok. I fjor hadde vi fem-seks spelarar til som var gode nok til å spele 2. divisjon. Det førde til at vi gjorde eit veldig godt resultat.

Men både han og hovudtrenar Knut Erik Folland meiner laget på litt lengre sikt skal bli betre enn det laget som vart nummer tre i fjor.

– Byggjer opp nye spelarar

(Artikkelen held fram under biletet).

Torbjørn Glomnes

MANGLAR BREIDDE: Assistenttrenar Torbjørn Glomnes seier Førde må byggje opp fleire spelarar til å takle 2. divisjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det enda med ein tredjeplass i debutsesongen i 2. divisjon, etter at Førde ei stund kniva med Bærum og Asker om å vinne serien. Bærum rykte opp og har gjort det svært godt i 1. divisjon så langt.

Glomnes er usikker på om dei har mannskap til å gjenta suksessen frå i fjor.

– Det er tett med kampar og mykje som skjer i 2. divisjon. Vi har levert spelarar til Tippeligaen og til andre lag, og vi er i ein fase der vi må byggje opp nye spelarar til å bli gode nok til å ta ansvar i 2. divisjon.

Ny og litt heit keeper

Ein av spelarane frå i fjor som er borte er målvakta Vegard Skjeldestad. Mot Florø stod 21 år gamle Ante Knezovic. Han opna med å redde eit straffespark frå Stefan Aase, som før det hadde sett inn 25 straffe på rad.

Men nokre få minutt seinare gjorde han ei blemme, då han rykte ut i feltet på eit frispark utan å nå ballen. Dermed kunne Runar Hove lett styre den i det opne buret. Men Glomnes meiner dette var god læring.

– Det er litt av utfordringa hans at han blir litt heit i hovudet og skal ta alt. Han hadde redda straffe, og då kokte det litt, og han rykt eut på eit innlegg han aldri skulle ha vore ute på, så dette er ein læringsprosess for han.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ante Knezovic

LITT FOR HEIT: Den nye Førde-keeperen, Ante Knezovic, redda straffe og hadde fleire gode redningar mot Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Skade på sentrale spelarar

I cupkampen mot Florø måtte Førde stille utan midtstoppar Øystein Vetti, og laget avslutta utan Vegard Gjermundstad og Øystein Myrkaskog. Sistnemnde gjekk ut i pausen med ein liten skade, seier Glomnes.

– Han fekk ein liten kjenning i kneet. Han er ein så verdfull spelar for oss at vi valde å spare han.

Knut Erik Folland seier at både Vetti, Gjermundstad og Myrkaskog er usikre til kampen søndag mot Grorud.