Hopp til innhold

Laga godstemning for 1100 i kystbyen

(Florø-Førde 2-0, 1. runde, NM-cupen) Målsikre Stefan Aase bomma på straffe, men Florø sikra likevel siger i oppgjeret mot Førde framfor 1100 elleville tilskodarar.

Florø gjekk i kveld vidare til andre runde i cupen etter å ha slege Førde 2-0.

GOD STEMNING: Kring 1100 tilskodarar fann torsdag kveld vegen til Florø stadion for å sjå oppgjeret mellom Florø og Førde i cupen.

Dommaren hadde knapt fått blese i gang kampen på Florø stadion før han måtte peike på straffemerket.

Stefan Aase er vanlegvis eit særs stødig kort når det kjem til straffespark, men denne gongen bomma han.

Retta opp att tabben

– Stefan har skåra på minst 25 straffer på rad, og sjølv om han bomma i dag så får han tilliten igjen ved neste høve, sler Florø-trenar Terje Rognsø fast etter kampen.

For trass bommen frå straffemerket, så stod Stefan Aase fram som ei klippe i cupkampen mot Sunnfjord-rival Førde. Etter 63 minutt sette han ein skikkeleg markkrypar forbi Førde-målvakt Ante Knezovic.

Med det sette han sluttresultatet til 2-0 til det unge laget frå kystbyen, etter at Runar Hove skåra etter ti minutt av første omgang.

Runar Hove Florø

SÅ GLAD: Runar Hove sende Florø opp i leiing 1-0 etter 10 minutt. Då er det lov å juble skikkeleg.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Må nullstille seg til serien

Fleire minutt før full tid runga «Seieren er vår» over stadion, der om lag 1100 tilskodarar såg at Florø slo Førde for tredje gong på rad i cupen.

Etter at dommaren hadde blåst av var Florø-trenar Rognsø ein lukkeleg, men tradisjonen tru fatta mann.

– Vi skulle gjerne hatt fleire mål, men vi vann og håpar at vi møter eit topplag i neste runde, seier Rognsø.

For alt komande søndag er det ny kamp, denne gangen mot seriefavoritt 2. divisjon, Vard Haugesund.

– Vi er nøydd til å nullstille oss til den kampen, meiner Florø-trenaren.

Lovar å justere spelet

For motstandarlaget blei det derimot 45 lange minuttar heim att til Førde i kveld. Assistenttrenar Torbjørn Glomnes prøvde å finne trøyst i at laget trass alt var med på notane - i alle fall i deler av kampen.

Torbjørn Glomnes

SKUFFA: Torbjørn Glomnes

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg føler at førsteomgangen er jamn, vi er det laget som har ballen mest og spelar mest. Men vi inviterar dei til overgangar. Det gjer at vi får utfordringar defensivt, og der har vi heilt klart ein jobb å gjere, meiner Glomnes

Han forsikrar Førde-fansen at dei no vil justere seg fram mot neste seriekamp.

– Vi er for unøyaktige og blir liggjande og slå pasningar på tvers. Det er ikkje heilsvart det vi gjer, seier Førde-trenaren.

Simen Reksten Solheim

INGEN RESPEKT: Simen Reksten Solheim gjekk på med dødsforakt og var med og sikra siger for Florø mot Førde torsdag kveld.

Foto: Truls Kleiven / NRK