Hopp til innhold

Nedtur for Florø - jubel i Førde

Ein skuffa Florø-trenar og ein letta Førde-trenar. Det er fasiten etter laurdagens runde i 2. divisjon.

Alexander Ødegaard (t.v.) og Stefan Aase

VINNAR OG TAPAR: Alexander Ødegaard (t.v.) vart laurdag matchvinnar for Førde. Florø og Stefan Aase gjekk på eit uvand heimetap. Her er dei to i duell under nabooppgjeret 16. mai.

Foto: Rune Fossum / NRK

Florø-trenar Terje Rognsø måtte sjå laget sitt gi frå seg tabelleiinga i 2. divisjon heime mot Egersund.

Terje Rognsø

SKUFFA: Terje Rognsø og FSK har hatt tidenes sesong i 2. divisjon – fram til laurdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er skuffande at vi taper ein kamp der vi dominerer så pass mykje. Det handlar om å score mål i fotball, og av ufattelege grunnar maktar vi ikkje å gjere det i første omgang, seier Rognsø etter 1-2-tapet på Florø stadion.

Meiner annullering var feil

Florø leia 2. divisjon avd. 3 på målforskjell framfor rogalandslaget Vidar før laurdagens kamp. Men når Egersund tok leiinga etter 35 minutt, for så å legge på til 2–0 etter 70 spelte, ville det seg ikkje. Først ni minutt før full tid kom FSK sitt einaste mål i kampen, på straffe frå Kristoffer Valsvik.

Dermed smatt Vard Haugesund forbi og overtok tabelleiinga, mens Vidar har ein kamp mindre spelt.

Rognsø meiner resultatet kunne blitt eit anna om ikkje Florø hadde fått eit mål annullert etter 40 minutt. Ei annullering han meiner var heilt feil.

– Stefan Aase går innanfor 16-meteren og fører ballen langs sida. Han blir takla av ein motstandar og ballen treff ein Florø-spelar som scorar. Dommaren blåste for offside, men ballen kom frå Egersund-spelaren, ikkje Aase, seier Rognsø oppgitt.

Tonar ned favorittstempel

Neste helg ventar ein tøff kamp borte mot den nye serieleiaren Vard Haugesund. Etter at Florø har toppa tabellen i fleire månader, og tent håp om opprykk til 1. divisjon i kystbyen, freistar Rognsø å dempe forventningane til laget.

– Eg har sagt heile tida at vi ikkje er nokon favoritt til hausten. Slike kampar som i dag skal vi ikkje tape for mange av om vi skal henge med der oppe på tabellen, seier han til NRK.no.

Viktige poeng i Førde

Mens florøværingane deppar i øvste del av tabellen, kan naboane i Førde puste noko lettare ut etter laurdagens runde i 2. divisjon.

Førde som har ligge i nedre del av tabellen heile sesongen tok med 1-0-siger tre poeng heime mot Åsane.

Knut Erik Folland

LETTA: Trenar Knut Erik Folland og Førde skaffa seg ei luke frå nedrykksstriden med tre poeng heime mot Åsane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Poenga var det viktige i dag. Dette var ein ekstremt viktig siger, fastslår Førde-trenar Knut Erik Folland.

Han meiner Førde var heldige som gjekk til pause med 0–0 etter ein rotete førsteomgang av heimelaget.

– Men første del av andre omgang var bra. Då fekk vil til å spele litt ball.

Ser oppover

Ikkje minst makta Alexander Ødegaard å score kampens einaste mål etter 53 minutt, og Folland gler seg over å ha fått sommarens nysigneringar i aksjon. Ikkje minst er han nøgd med innsatsen til Carl Joakim Kvist.

– Han gjorde det veldig godt og stod fram som leiar.

Med sigeren klatra Førde til sjuandeplass og 20 poeng. Laget har dermed fått ei etterlengta luke til nedrykksstriden.

– Eg veit det er ein klisjé. Men det blir å vinne ein kamp om gangen. Men vi skal klarte på tabellen, lovar Førde-trenaren.