- Eit like omfattande ras har det ikkje gått i området på åtti år, seier dagleg leiar ved Norsk bremuseum, Nils Paulsen.
Ingen veit heilt sikkert årsaka til hundreårsflaumen som raserte garden til Eirik Øygard i Supphelledalen, men Øygard og Nils Paulsen trur at eit stykke av Flatbreen rasa ut og laga ei stor flodbølgje.
Svært sjeldan
Foto: Gerdfinn Eithun
Flodbølgja reiv med seg ein 20 meter høg morene som demde opp store menger smeltevatn. Etter at denne bredemningen rivna, fossa mellom 70 000 og 100 000 kubikkmeter brevatn ned i dalen og tok med seg jord, steinblokker og tre. Vassdrags- og energidirektør i Norges vassdrags- og energidirektorat, Agnar Aass, støttar denne teorien. - Så store skadeflaumar skjer svært sjeldan, seier Aass.
Startar oppryddinga
I dag startar opprydninga etter hundreårsflaumen. I løpet av dagen blir kloakk og grøfter staka opp. Nesten heile innmarka til gardbrukar Eirik Øygard er dekt med gjørme, tre og stor skredtunge av kampesteinar.
Omfattande skadar
Representantar frå Sogndal kommune, politi og Norges vassdrags- og energidirektorat kjem i dag til Supphelledalen for å få oversikt over dei store skadane. I tillegg til Øygarden har også to andre gardar i dalen fått omfattande naturskade. Politiet i Sogndal arbeider no for å få på plass ei skjønnsgruppe som skal taksere skadene. Det seier politifyrstebetjent Jonny Lilleng.
Foto: Gerdfinn Eithun