Hopp til innhold

Flo og Bendik i trening att

Det er framleis uvisst om Sogndalspelarane Joseph Bendik og Per Egil Flo blir klar til å møte Viking etter trafikkulukka sist fredag.

Per-Egil Flo og Joe Bendik

I TRENING ATT: Per Egil Flo (t.v.) og Joseph Bendik fekk slagskader i motorsykkelulukka før helga. No er dei så smått komen i trening att.

Foto: Montasje

Dei to vart lettare skadde i ei motorsykkel-ulukke etter treninga på Hafslo sist fredag .

Verken Flo eller Bendik har lagt bak seg særleg mykje trening sidan ulukka.

- Ut frå det som skjedde etter trening sist på Hafslo, så er situasjonen bra. Det har gått ganske raskt framover med dei, og etter forholda har dei det bra. og er byrja så smått å trene att, seier medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen.

- Sjansane er 50/50

Som følgje av ulukka stod begge over cupkampen mot Saga søndag. Sogndal vann 6-2 og er klare for andre runde i cupen.

Når rogalandsklubben Viking vitjar Fosshaugane kommande måndag, er det to lag som har fått ein trøblete start på årets eliteserien. Medan Bendik er vist til benken etter å ha vakta buret dei to første kampane i sesongen, er Flo fast inventar i forsvarsrekka.

- Vi håpar i det lengste at dei kan spele kampen, men dette er noko vi tek stilling til i løpet av veka. Skal dei vere med, så må dei i alle fall trene torsdag att. Eg vurderer sjansane til 50/50, seier Jacobsen.

Støtskader

- Dei fekk støtskader etter å ha falle av sykkelen i bra fart. Det er ingen brot eller anna alvorleg som har skjedd, seier Jacobsen.

Politiet har starta rutinemessig etterforsking av ulukka. Det blir gjort ved ei kvar ulukke der det er personskade. Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om høg fart.