Hopp til innhold

Flo er tilbake i Sogndal

Tore André Flo (37) kan vere på veg tilbake til Sogndal Fotball.

Tore André Flo

Tore André Flo (37)

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Tysdag kveld stilte 37-åringen på klubbens første trening for sesongen. Det skriv firda.no.

– Har trent med oss tidlegare

– Tore André Flo har trent med oss også tidlegare, og akkurat no veit eg ikkje om tanken er noko meir, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal til nettavisa.

Mundal seier han har høyrd rykter om at Flo kan vere på veg tilbake til Sogndal, men seier det ikkje har vore konkrete samtalar om dette.

Firda.no skriv at kombinasjonen Harald Aabrekk og Tore André Flo har ved fleire høve vore god musikk i norsk toppfotball.

Har henta Flo tidlegare

I 1995 henta Aabrekk stryningen til Tromsø, og han tok også Flo til Brann då Aabrekk.

Dessutan var Aabrekk trenar for Vålerenga då Flo kom tilbake til Norge i 2005, skriv nettavisa.