– Eg trur det må vere snakk om 10 vogntog som har fått problem. Fleire har køyrt inn til på parkeringsplassen ved Kårstad transport for å legge på kjetting, seier nabo Jarle Arvid Aase.
Han seier at ein liten lastebil måtte og ha hjelp av bilbergar, og at problema ser ut til å vere like store både for sørgåande og nordgåande trafikk.
Per Solheim som har køyrt personbil forbi same området fortel at det var svært vanskeleg køyreforhold på E39 i anleggsområdet mellom Vadheim og Sande.
– Det gjekk brøytebil her, men det burde nok vore bruk vegskrape, for det låg ei tjukk ishinne midt i vegen som gjorde det svært vanskeleg å køyre, og når vi køyrde frå Sande forbi Myrmel mot Langeland var det svært glatt der og.
– Vi var vel vitne til ei nestenulukke. Eine vogntoget sklei sidelengs over i motgåande køyrefelt og ned i grøfta om måtte ha hjelp for å kom i gang at, seier bilbergar Arild Tistel.
Han seier at medan han var der så var det 10 – 15 vogntog som måtte stogge for å legge om til kjetting.
– Fire – fem av dei måtte vi hjelpe.
Han seier at vêromslaget førte til at det var svært glatt i området.
– Det kom ei vegskrapa medan vi stod der, og då kom det seg ein del etterpå.
Han oppmodar alle bilistar om avpasse farten etter føret når det slike forhold som i dag.
– Du veit aldri kva du kan møte rundt neste sving, eg tykkjer mange av dei som køyrer forbi oss når vi står og jobbar i vegkanten held svært høg fart.