Hopp til innhold

Fleire ulveobservasjonar i Sogn

– Vi reknar observasjonane som truverdige, seier beitelagsleiar Arne Rebni Øvreås i Luster om dei mange ulveobservasjonane i Luster og Sogndal den siste tida.

Ulv i Østmarka

OBSERVERT: Det skal ha vore gjort fleire observasjonar av ulv og spor etter ulv, som denne i Østmarka, i Sogn.

Foto: Privat

Det er Sogn Avis som i dag skriv om fleire observasjonar av ulv og ulvespor den siste månaden.

Rebni Øvreås seier observasjonane er gjort i Sogndal, Jostedalen og Hurrungane.

– Vi har fått meldingane for seint for å følgje sporet, seier rovviltansvarleg Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn til avisa.

Blir ikkje trudde

Gaupe og jerv er kjende innslag i faunaen i Sogn og Fjordane. Også bjørnar har vore på visit – og blitt avliva. Det har også vore her i tidlegare tider. I 2001 vart det gjeve jaktløyve på ein ulv i Leikanger etter observasjonar.

Rebni Øvreås meiner det er høg terskel for å melde frå om observasjonar av ulv, pelsrestar, spor eller ekskrement frå dette rovdyret.

– Folk er redde for å ikkje bli trudde. Ikkje i høve forvaltninga, men hjå folk flest, seier Rebni Øvreås til avisa.

– Ta kontakt

Golf oppmodar folk om å ta kontakt så raskt som råd om ein ser noko som kan indikere ulv, slik at dei kan få gjort DNA-analysar. Dei siste observasjonane i Sogn kom for seint til å stadfeste eller avkrefte at det er tale om ulv.

Han legg til at det ikkje er usannsynleg at det er ulv i Sogn.

– Ulvane kan vandre langt, men er svært tilknytt skog og likar ikkje snaue fjell, difor er fjella mellom aust og vest ofte ein barriere, seier han til avisa.