For ei ny kvoteordning, som skal gjelde frå nyttår, vil auke lineflåten. Det seier leiar i Fiskebåtredernes forbund i Sogn og Fjordane, Kåre Furnes.
Arkivfoto NRK
Stikk i strid med intensjonane
Opp mot halvparten av dagens lineflåte høyrer heime i Sogn og Fjordane. Og no kan det altså bli bruk for gamle båtar igjen, noko som er stikk i strid med styresmaktene sine intensjonar om å redusere den norske lineflåten.
Må ha fleire båtar
Det er totalt førti autolinebåtar i landet som disponerar 98 torskekvotar. Når den nye kvoteordninga blir innført, kan kvar båt ha maksimalt tre kvotar. Og såleis må reiarlaga ta i bruk fleire båtar for å aktivisere alle dei 98 torskekvotane.
- Vil straffe seg i lengda
På kort sikt betyr dette fleire arbeidsplassar, men Furnes meiner ordninga vil staffe seg i lengda. Det er usemje mellom Fiskarlaget og Fiskebåtreiarane i denne saka. Fiskarlaget i Sogn og Fjordane støttar ordninga som blir innført første januar neste år.