Fjellklatrar omkom på Store Skagastølstind

Ein fjellklatrar er stadfesta omkomen, medan ein annan er sendt til Haukeland Universitetssjukehus med alvorlege skader etter ei klatreulukke i Vestre Jotunheimen.

Ulykke Store Skagastølstind

ULYKKE: To personar er henta ned frå Storen. Ein er stadfesta omkomen, den andre alvorleg skada.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Dei to var del av ei gruppe klatrarar som som var på veg opp landets tredje høgaste fjelltopp.

Politiet opplyser søndag kveld at klatraren som omkom er ein norsk mann i 40-åra. Den skadde kvinna er ei kvinne i 50-åra frå Finland. Politiet er ikkje kjent med hennar skadeomfang.

Omstenda kring ulukka er uklare. Klatrarane vart henta ut frå området kring 2.100 meter over havet like over klokka 15.

– Begge er henta ut. Den eine klatraren er stadfesta omkomen, medan den andre er frakta til Haukeland, opplyser operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Uklart kva som skjedde

Hendinga vart varsla like over klokka 11. Eit redningshelikopter vart sendt frå Florø. I tillegg vart ein luftambulanse tilkalla.

Redningsaksjonen vart leia av HRS. Det skal ikkje vere veldig bratt i terrenget. Politiet opplyser at dei førebels skildrar hendinga som ei klatreulukke.

– Vi har fått opplyst at det var mykje folk på Store Skagastølstind i dag. Vi fekk melding via AMK om ulukka, og det var ringt inn via folk som var i nærleiken av staden.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kjønn, alder eller nasjonalitet til dei involverte klatrarane. Ulukka blir etterforska ved det lokale lensmannskontoret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon Storen

ULYKKE: Med sine 2.405 meter over havet, er Store Skagastølstind det tredje høgaste fjellet i Norge, og ligg på grensa mellom Luster og Årdal kommune.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Tåkebelte

Tre medlemer av den alpine redningsgruppa i Jostedalen var tilfeldigvis på Store Skagastølstind med ei turgruppe.

Området der dei skadde klatrarane er skal vere i eit tåkebelte, noko som kan gjere redningsarbeidet utfordrande.

Eirik Walle ved Hovudredningssentralen på Sola seier til NTB at den tynne lufta i så stor høgde er krevjande for helikopteret.

– At det er varmt og vindstille gjer også at helikopteret får mindre luft under rotorblada, og med det mindre løftekraft, seier han Walle.