Hopp til innhold

Har fått fleire klager om støy frå spolebase

Gulen kommune har fått fleire klager grunna støy frå anleggsarbeidet på Gulen Spolebase, til alle tider på døgnet.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

TEK KLAGENE PÅ ALVOR: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal seier kommunen tek alle klager om støy på alvor, men at det er problematisk at det ikkje har vore støy når kommunen har vore i området for å sjekke ut klagene.

Foto: Gøril Sætre

Ein av dei som har reagert er hytteeigar Bent Unneland. Han har hytte i Halsvika i Gulen, og fortel at han fleire gonger har kontakta kommunen om sprenging og anleggsstøy i helger og på kveldstid.

– Du kan jo tenkje sjølv når ein driv og borer og grev etter klokka tolv når alt anna er stille. Når dei skyt til ulike tidspunkt på døgnet, stiller vi spørsmålet til lovlegheita rundt tidspunkta dette gjerast på. Eg var her 17. mai, og til og med då var det støy, seier Unneland.

Har kome inn fleire klager

Den 29. juni sende Unneland e-post til Gulen kommune. Der skreiv han: «Det er søndag morgen – klokka er 0730 – fullt bråk med boring og gravemaskiner». Første gongen han registrerte anleggsbråk på kveldstid var 31. oktober 2013.

Og han er ikkje åleine om å reagere. Ifølgje ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, har det kome inn fleire munnlege klager. Folk frå kommunen har vore i området utan å finne tilsvarande støy, og loggen til entreprenørane tilseier at det ikkje har vore arbeid på dei tidspunkta Unneland har klaga.

– Det er jo det som er problemet, og det er difor vi har prøvd å halde ein dialog med entreprenørane. Vi må sjekke at dette går rett føre seg, seier ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal.

Finn ingen avvik

Det at det ikkje er støy når kommunen har vore i området, gjer det heile litt komplisert, ifølgje ordføraren. Men likevel forsikrar han at kommunen tek klagene på alvor.

– Dei gongene det har kome inn klage så har det vore teke opp med entreprenøren der, og det har vore sjekka etter, så det meiner vi at vi har teke veldig alvorleg.

Det er rekna med at anleggsarbeidet kjem til å vare ut året. Unneland forstår at det må vere litt støy når det skal skapast arbeidsplassar i området.

– Vi har slett ikkje noko i mot prosjektet der ute. Gulen kommune forstår mitt syn, og samstundes har eg forståing for at prosjektet gir ein del støy. Det er tidspunkta eg reagerer på, seier han.