Vogntogsjåfør Andreas Skrede fekk kjenne uvêret på kroppen då han skulle over Strynefjellet i ei kolonne natt til laurdag.
– Det var null sikt. Sidevinden tok tak i vogntoget og pressa det inn mot autovernet. Bak meg var tre ekspressbussar som blåste ut av vegen. Eg kjente at vinden løfta vogntoget. Hadde det var i nokre sekund til, så kunne eg ha velta, seier Skrede.
Den røynde vogntogsjåføren har aldri opplevd liknande. Til slutt kom delar av kolonnen seg inn i ein tunnel, medan bussane måtte få hjelp ute i snøstormen.
– Det var godt å vite at vi til slutt kom oss trygt heim til helg, men adrenalinet pumpa gjennom kroppen, seier Skrede.
Lasse Fløde var passasjerane på den eine bussen som blåste av vegen.
– Dei som fekk oss opp att på vegen måtte jobbe under tøffe forhold. Dei gjorde ein veldig god innsats, seier han.
Gult farevarsel
E 16 over Filefjell var lenge den einaste fjellovergangen som var heilt open for trafikk, men Vegvesenet såg seg nøydde til å innføre kolonnekøyring på grunn av uvêr laurdag føremiddag.
Uvêret tok seg kraftig opp natt til laurdag. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om vanskelege køyreforhold for fjellet i Sør-Noreg.
– Det er mykje vind. Dette gjer at det er dårleg sikt, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.
Kombinasjonen av snø og kraftig vind gjer at Vegvesenet ber deg om å revurdere turen over fjellet i dag.
– Det er ikkje ein dag eg vil anbefale folk å komme seg over fjellet på, seier Molvær.
Sjekk fjellovergangane:
Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring. Kan bli stengt på kort varsel.
Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.
E16 Filefjell: Kolonnekøyring.
E134 Haukelifjell: Stengt mellom Liamyrane bom og Tyrveli bom.
Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.
Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt.
Rv. 15 Strynefjellet: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.
Rv. 7 Hardangervidda: Stengt. Vert ikkje opna laurdag.