– Det eine køyrefeltet er sperra av raset. Det er komme ned ein god del steinmasse og også noko trevirke, fortel NRK-reporter Silje Guddal.
- Les også: E39 gjennom Ørsta opna att fredag ettermiddag etter ras
- Sjå oppdaterte vegmeldingar på NRK Trafikk
Ny vurdering i morgon
Guddal stoppa sjølv og sette på naudblinken ved rasstaden langs E39/riksveg 15 mellom Eid og Stryn. Det er 80 km/t fartsgrense på staden.
Statens vegvesen opplyser at E39 no er stengd og ikkje blir opna att i kveld. Ny vurdering blir gjort i morgon, laurdag, klokka 09.
Det blir skilta omkøyring frå Volda via ferjesambandet til Folkestad, og vidare på gamlevegen fv. 651 til Nordfjordeid. Det er også lokal omkøyring langs Panoramavegen mellom Lote og Svarstad.
- Framleis mykje nedbør i vente: Sjå detaljert vêrvarsel for ditt nærområde på Yr.no
- Les også:
Køyrde gjennom raset
– Ein kjem brått på raset. Det er fleire bilar i retning Stryn som har feid gjennom raset så vass- og steinspruten stod, med fare for skade på bilane. Det er vanskeleg å sjå raset når ein kjem i mørket, sa Guddal til NRK før Vegvesenet sin entreprenør stengde vegen.
Raset skal ha gått i same området som det tidlegare har gått fleire store skred.
– Vatnet fossar framleis ned langs raset og over vegbanen og vidare ned i Hornindalsvatnet. Langs E39 frå Eid til Stryn har det vore enorme mengder vatn. Sideelvane og grøftene som går langs vegen har uvanleg høg vasstand, seier Guddal som har køyrt etappen frå Nordfjordeid til Stryn.
I Sogn og Fjordane er også fv. 609 mellom Askvoll og Førde, ved Hundsåna, stengd grunna fare for ras. Ny vurdering her blir gjort laurdag klokka 09.
Fredag ettermiddag melder politiet i Sogn og Fjordane at også fylkesveg 615 i Gloppen er stengd grunna jordras: