SPANIA: Besetninga trudde lenge det var vatn dei såg langs solkysten av Spania.
SPANIA: Det viste seg å vere drivhus.
KJENTMANN: Richard Trives er ein språkkunnig engelsk pilot, som vart plukka opp i Malaga. – Richard er pilot for søsterselskapet vårt Dancopter, og er kjend i Nigeria, fortel Bjørn Frode Amundsen.
VEST SAHARA: Ein uttørka innsjø.
MAURITANIA: Mange fiskebåtar til kai i Noadubo.
LANGT: «Obelix» hadde drivstoff for 5 timar og 45 minuttar i slengen, så det gjorde seg med ein strekk for dei som kunne det. Med fire fulle tankar har Super Pumaen ei rekkevidde på 600 nautiske mil.
SENEGAL: Havet utanfor Senegal.
SENEGAL: Utsikt over hovudstaden Dakar. Byen ligg på Kapp Verde-halvøya ved atlanterhavskysten. Her finn ein både nasjonalforsamlinga og presidentpalasset.
SENEGAL: Dakar er også kjend for å vere endestasjon for det store ørkenrallyet Rally Dakar.
GAMBIA: Hovudstaden Banjul ligg på St. Mary's Island, der Gambiaelva renn ut i Atlanterhavet. Byen er den minste av hovudstadane i Afrika, og blir oftast omtala som ein stor landsby.
GAMBIA: Besetninga frå Airlift overnatta to døgn i Banjul. Her var det greitt med myggnetting for å unngå malaria.
GHANA: Varmt og disig, så besetninga opplevde dårleg sikt langs kysten av Ghana.
NIGERIA: Store kontrastar til livet utanfor hotellet besetninga budde på.
NIGERIA: Etterfylling av drivstoff i Lagos.
NIGERIA: Det er tett trafikk - og mange gamle bilar i Lagos.
NIGERIA: Lagos er framleis landets økonomiske sentrum og sete for mange statlege styresmakter.
NIGERIA: Inngangen til flyplassen i Lagos.
NIGERIA: Tett trafikk i Port Harcourt.
NIGERIA: Terrorøving i Total sin landsby, Port Harcourt.
NIGERIA: Faklane som besetninga frå Airlift skulle skifte.
NIGERIA: Her er helikopteret parkert om bord på FPSO-skipet Akpo.
NIGERIA: Lagos var hovudstad fram til 1991, då Abuja vart peika ut til ny hovudstad. Byen er ein av verdas raskast veksande byar, og det nasjonale statistikkbyrået berekna folketalet i 2015 til kring 21 millioner innbyggarar.
ELFENBENSKYSTEN: Litt lenger framme ligg hotellet det var attentat på ei veke etter at helikopteret frå Airlift flaug over.
SIERA LEONE: Litt vedlikehald i Free Town etter ein lang etappe frå Abidjan, Elfenbenskysten. Turen var på til saman 619 nautiske mil, eller 1 146 kilometer.
GRAN CANARIA: «Dei store gutane» må vente på at Obelix frå Bygstad skulle lande.
GRAN CANARIA: God gammal tankbil på flyplassen i Fuerteventura.
SPANIA: Godt vêr, med det spanske landskapet under seg.
FRANKRIKE: Besetninga måtte lande i Carcassone på grunn av dårleg vêr.
NORDSJØEN: Navigasjon over Nordsjøen i mørket.
STAVANGER: Første morgon i Norge att. Her på Sola lufthamn Stavanger.
GAULAR: Innflyginga til Bringeland etter den lange Afrika-turen.