Hopp til innhold

Flåmsbana dytta ut USA og Mexico

Flåmsbana og Bergensbana kom i år inn på ei liste over dei 25 beste togreisene i verda.

Rallarvegen og Flåmsbana
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dei norske banestrekka dytta ut jernbanestrekningar i USA og Mexico frå The Society of International Railway Travelers si liste.

Dagleg leiar i Flåm Utvikling, som driv Flåmsbana, Preben Kaspersen, er svært nøgd med å ha hamna på denne lista.

- Vi er stolte og audmjuke over å ha hamna på denne lista. Men vi har lenge lege høgt på liknande lister, som til dømes hos National Geographic. Og hos jernbane-entusiastar er vi høgt akta.

Utbetringar

For å kunne gje turistane eit enda betre produkt, har Flåm utvikling gjort fleire utbetringar dei to siste åra.

- Vi har utvida plattforma i Flåm, for den var for liten. Og vi har hogd ned mykje vegetasjon for å betre utsikta frå toget, seier Kaspersen.

Lysshow

Flåmsbana har lenge hatt huldra i Kjosfossen om sumaren, men nytt av året er også eit lysshow.

- No i vinterhalvåret har vi på den siste avgangen eit spektakulært lysshow i Kjosfossen. Vi treng mørkret, for å køyre showet.

- Tradisjonelt sett er det ikkje så mange folk på den siste avgangen kvar dag, men vi syns det er kjekt å av og til også kunne gjere litt stas på dei få, seier leiaren for Flåm Utvikling.